KrF støttar millionpakke til nynorsken

– Får mykje nynorsk igjen per krone, seier Tore Storehaug (KrF).

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF og Venstre legg i sine alternative framlegg til statsbudsjett opp til ein auke i fleire postar som vil styrka arbeidet med nynorsk.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Samlaget, Hordaland Teater og Noregs Mållag er mellom dei som vil kunne få auka tilskot om framlegga går i gjennom.

– Å få inn støtta til LNK er kanskje det viktigaste, sidan dei står bak nynorske tilbod som når mange barn og unge, seier Tore Storehaug (KrF), stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane.

– Heilt i oppstarten av barnesatsinga Framtidajunior.no, er det litt kritisk å få tilbake denne støtta, understrekar han.

KrF ønskjer òg å auka støtta til Noregs Mållag med éin million kroner, Hordaland Teater med éin million og auka løyvinga til Samlaget med 500.000 kroner.

– Både Mållaget og Samlaget treff breitt. Det er små summar som utløyser mykje meir nynorsk, seier Tore Storehaug, og legg til at partiet har hatt ein lang tradisjonen å stå på nynorsken si side, heilt sidan starten av partiet.

– Fantastiske nyhende

Leiar i Mållaget Magne Aasbrenn håpar KrF og Venstre får med seg Høgre og Frp på å auka støtta til fleire nynorske tiltak. Foto: Noregs Mållag

– Dette er fantastiske nyhende, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

– Framlegget frå regjeringa var utan synlege visjonar for nynorsken. Framlegga frå Venstre og KrF syner ei heilt anna vilje, og me håpar verkeleg at partia får gjennomslag i forhandlingane med regjeringa. Eg er optimistisk, og har stor tru på at partia kan greie dette, seier Aasbrenn.

Han er særleg nøgd med spennet i nynorskpakkene.

– KrF og Venstre har funne midlar til både til den unge satsinga Framtida.no, til Samlaget og Hordaland Teater som kulturberarar, til oss som interesseorganisasjon og til oppbygging av Vinje-senteret. Nynorsken treng alt dette. Det er særleg gledeleg at LNK og Framtida.no er inne att. Det er viktig at barn og unge møter nynorsk på skjerm, og det er viktig at dei får halde fram med det gode arbeidet dei har gjort i fleire år. Om framlegga går i gjennom, vil det styrke nynorsken over heile fjøla, seier Aasbrenn.

Fakta

KrF vil ha denne auka i tilskot:
LNK: + 1, 2 mill
Hordaland Teater: + 1 mill.
Samlaget: + 0,5 mill.
Noregs Mållag: + 1 mill.
Pressestøtta: + 15 mill.

Venstre vil ha denne auka i tilskot:
LNK: + 1,2 mill.
Hordaland Teater: + 1 mill.
Samlaget: + 1 mill.
Noregs Mållag: + 1,1 mill.
Nynorsk kultursentrum, Vinje: + 1,6 mill. (basisutstilling).
Nynorsk kultursentrum, Vinje: + 1 mill. (driftstilskot).