Framtida
Publisert
Oppdatert 02.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To såkalla MUF-arar som bur i Tromsø, kurdarar frå Irak, har nett fått beskjed om at arbeids- og opphaldsløyva dei fekk for to år sidan er trekte tilbake. Kva er ein MUF-ar? Norsk organisasjon for asylsøkarar, NOAS, har ein grei gjennomgang her, men kort sagt er det slik:

Rundt 2000 irakiske kurdarar søkte om asyl for om lag åtte år sidan. Somme av dei fekk Midlertidig opphald Utan Familiegjenforeining/fornying (altså MUF). Våren 2006 ga Utlendingsdirektoratet (UDI), etter mykje om og men, opphald på humanitært grunnlag til 200 av desse, noko som førte til politisk skandale og avgang både for direktør og assisterande direktør. For ein gongs skuld fekk altså UDI kritikk for å ha vore for menneskelege i arbeidet sitt, dei blir elles helst kritisert for ikkje å sjå mennesket bak søknadspapira. Sannsynlegvis for å demma opp for veljarflukt frå Arbeidarpartiet til Framstegspartiet, blei det bestemt at sakene til desse som hadde fått opphald skulle granskast igjen. Og resultatet ser me altså no: Desse folka, som i åtte år har levd eit venteliv her, usikre på om dei kunne byrja på noko som helst som hadde med framtida å gjera, fekk endeleg koma i gang med å skapa seg eit normalt liv i Noreg for to år sidan. ”Våre” to kurdarar i Tromsø har begge arbeid, dei snakkar godt norsk og forsørgjer seg sjølve. Så får dei altså kontrabeskjed: Me har ombestemt oss, du får ikkje bli i landet likevel. Opphalds- og arbeidsløyva blir trekt inn, og det som gjer det heile endå meir meiningslaust, er at dei ikkje kan returnerast til Irak, for det er for farleg. Norske styresmakter vil altså at dei skal sitta på eit ventemottak utan arbeid, utan inntekt, utan å gjera noko, kanskje i årevis. Som avisa Nordlys skriv i ein leiar: Han har gjennom den UDI-ske logikk blitt forandret fra å være en nyttig, velkommen, etterspurt og godt integrert samfunnsborger, til nå å være rettighetsløs, arbeidsløs og uten fremtid.

Tromsø kommune har heldigvis engasjert seg i dette, og kommunestyret har kontakta både UDI og Utanriksdepartementet, snakka med rikspolitikarar og på andre måtar slått ring om dei to kurdarane. Slik mange andre norske kommunar har engasjert seg når nasjonale styresmakter vil kasta deira innbyggjarar ut av landet. Slik me alle blir opprørte når me ser koss den norske innvandringspolitikken råkar folk me kjenner. Mange kritiserer dette engasjementet, og seier at det berre er dei vellukka og integrerte innvandrarane som kommunane slåss for. Det er sjølvsagt rett at andre enn dei vellukka treng meir til eit betre og tryggare liv i Noreg. Dei som ikkje har klart å finna jobb, dei som slit med psykiske problem på grunn av forfølging og tortur og dei som strevar med å læra seg norsk vil få det vanskeleg overalt, det minste me burde by dei her var eit liv utan forfølging og naud. Det er vår moralske plikt å hjelpa dei som har det vanskelegast. Men eg trur at me, for vår eigen del, treng desse vellukka innvandrarane. Ein ting er at det sjølvsagt er lite oppmuntrande for kommunane å sjå at innbyggarar som dei har gitt norskkurs, laga integreringstiltak til og skaffa arbeidsplassar og bustad, blir kasta ut av landet nett når alle desse investeringane byrjar å gi utteljing og skatteinntekter. Men viktigare er det kva det gjer med haldningane våre:

Dei fleste av oss kjenner innvandrarar og asylsøkarar helst frå medieoppslag der dei mishandlar og drep familien sin eller andre, der dei snyt på skatten, der dei smuglar narkotika, støttar terror verbalt og økonomisk eller på andre måtar står fram som noko dei fleste av oss fryktar. Sjølv om det overveldande fleirtalet av dei som drep, valdtar og gjer andre kriminelle handlingar i Noreg er etnisk norske, gjer mediatrykket noko med haldingane våre. Derfor er det ekstra viktig å ha mange innvandrarar som finn seg til rette i Noreg, som tar på seg arbeidsoppgåver som me manglar folk til, som blir best i klassen og som organiserer barnetoget på 17. mai. Me treng mange innvandrarar som naboar, kollegaer eller profilerte kjendisar, slik at det ikkje berre blir ei gruppe for oss, men personar som har eit namn og som me helsar på og pratar med. Det er først då me forstår kor umenneskeleg asylpolitikken vår er, når me ser at han rammar levande menneske som strevar for å få normale liv.