Petter Uteligger samlar historier frå gata i ny bok

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Petter «Uteligger» Nyquist med ny bok

Petter Nyquist blei kjent som Petter Uteligger då han la ut på sitt livs ekspedisjon. Utan ei krone i lomma sette han seg fore å leve på gata – for å undersøkje korleis dette livet artar seg.

– Det er den mentalt sett tøffaste ekspedisjonen eg har vore på, seier han til NTB.

Eventyraren og filmskaparen laga TV-serie om tida på gata – og no ligg det òg føre ei bok frå det iskalde og krevjande feltarbeidet i asfaltjungelen.

– Det tok heldigvis ikkje lang tid før eg fekk meg venner på gata. Utan dei hadde eg aldri klart det, dei lærte meg om rytmen i byen og delte ut triks du må kunne for å kunne leve ute, utan pengar. Kor kan du sove, kvar er det lettast å tigge og kvar kan ein sitte utan å bli pælma ut? Slike ting.

Vennene på gata bar alle på historier og mange av desse har fått plass i boka som Eivind Hofstad Evjemo er medforfattar av. «Petter uteligger – en fortelling frå gata» er blitt ei forteljing om Noreg som ikkje så mange av oss kjenner.

– Det er eit forsøk på å betrakte verda nedanfrå, seier Nyquist.

Utan tryggleik

Nyquist blei buande på gata i 52 dagar. Erfaringane sit framleis i – og engasjementet for folk med utfordrande livssituasjonar varer ved.

– Eg blei rimeleg rar i hove sjølv av å ikkje få sove, eller vite kvar eg kunne sove – eller vite kvar det neste måltidet skulle komme frå.

– Tryggleik er noko dei fleste av oss tar for gitt. Mangel på tryggleik over tid gjer noko med deg. Så kan du plusse på rusen. Eg rusa meg ikkje, men kan jo berre tenkje meg kor tungt alt blir då, seier eventyraren – og legg til at det er blitt ein livsstil for han – dette med å skape lyspunkt for folk på gata.

Saka held fram under bilete

Petter Uteligger

– Eg vil gjerne formidle at det skal så lite til for å gjere dagen til nokon litt betre. Og vi må jobbe med haldningane våre, seier Petter Nyquist, mannen bak TV-serien «Petter Uteligger».
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

– Eg vil gjerne formidle at det skal så lite til for å gjere dagen til nokon litt betre. Og vi må jobbe med haldningane våre.

Nyquist har valt å la alle inntektene for boka, som skulle gått til han, gå rett til Stiftelsen Petter Uteligger. Stiftelsen har som formål å drive omsorg gjennom sosiale og kulturelle tiltak for vanskelegstilte personar som på grunn av rus eller andre forhold har problem med å meistre dagleglivet.

Ei lysande kjærleikshistorie

Nyquist kjem tilbake til dette med haldningar og fortel om =Oslo-seljaren som overhøyrde kva nokre ungdommar snakka om. Dei såg tydeleg ned på han og sa dei aldri skulle bli ein sånn tapar.

– Det tok lang tid å motivere denne seljaren til å våge seg ut med bladbunken igjen. Han følte seg så liten, seier forfattaren.

Sterkt inntrykk når ein les boka gjer den vonde historia til den tørrlagde alkoholikaren Ann Helen og sonen Mikael. Begge to er rusfri i dag, og forteljinga står fram som ei lysande kjærleikshistorie om ei mor og sonen hennar.

Forfattaren og eventyraren fortel at han sjeldan støyter på historier heilt utan håp.

– Også dei menneska som vel rusen, som seier at det er dette livet dei vil ha, fortener respekt. Vi må rett og slett akseptere at ikkje alle vil leve A4-livet, meiner han.

– Vi treng alle nokre som trur på oss

Petter understrekar at han på den andre sida har full forståing for pårørande som etter år med skuffelsar og forsøk på å hjelpe til slutt lèt att døra.

– Også dei pårørande har historier – som også kjem til uttrykk her, seier forfattaren.

Han har framleis har kontakt med venene frå gata. Dei ringjer gjerne både seint og tidleg, slår av ein prat med dottera – og ber nokre gonger om hjelp.

– Dei har lært meg så mykje. Spesielt dette med at vi alle treng nokre som trur på oss, at vi alle treng å bli sett. Gode relasjonar, og menneske som vil oss vel, er gull verdt.

– Kva var det første du lærte deg av den første vennen du fekk på gata?

– Svein blei eg kjent med nesten med éin gong. Og han lærte meg utruleg mykje, blant anna å sjå forbi utsjånaden og framtoningen til folk. Han lærte meg også at den største gleda er å glede andre. Dette er ein kar som ikkje eig mykje men som gladeleg delar ut det han måtte ha for handa. Det er noko mange kan lære noko av, seier Petter Nyquist avslutningsvis.

Fakta om Petter «Uteligger» Nyquist

  • Ein novemberkveld i 2014 forlét Petter Nyquist familielivet på Kolsås. Utan pengar, mobil og anna enn kleda han hadde på seg, sette han seg på T-bana med kurs for Oslo S.
  • Han budde 52 dagar som uteliggjar i hovudstaden. Resultatet blei TV-serien «Petter Uteligger».
  • Han har også starta Stiftelsen Petter Uteligger, som jobbar for å skape lyspunkt for menneske i ein utfordrande livssituasjon.