Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var på Instagram det begynte, seier Ellen Jacobsen.

20-åringen frå Oslo er gründer og sjef for det nystarta forlaget Papervoices, som lanserte si første bok på måndag. Dei fleste av dei 25 unge forfattarane som har bidrege til antologien «Tyngde» har Jacobsen rekruttert frå Instagram, der dei har delt dikt og korttekstar – ofte om relasjonar, kjensler og sårbarheit.

Tema som også går att i dikta, novellene og korttekstane som er samla i «Tyngde».

Les eit utdrag frå boka her!

– Det er mange som brukar Instagram til å dela personlege ting. Det er ikkje alle som synest det er så lett å snakka om det som er vanskeleg, eller dei har ikkje nokon å snakka med, og då kan det vera lettare å gjera det på Instagram, seier Jacobsen, som også sjølv har delt tekstar på ein anonym Instagram-konto.

«En åpen og ærlig bok om livet på godt og vondt», seier forlaget sjølv om samlinga «Tyngde». Foto: Papervoices.

– Eg har opplevd at det er eit støttande miljø, og så er det mange flinke folk der. Så eg ville få det ut til fleire, og i bokform, fortel den unge forleggjaren.

Å snakka om det

Jacobsen ønskjer at Papervoices skal vera opnare og meir personleg enn dei etablerte forlaga. Målet er å skapa eit samfunn av forfattarar og lesarar som vil fremja openheit. Dei som har bidratt med tekstar til «Tyngde» er folk frå heile landet i alderen 15 til 27 år, og dei skriv om mange av utfordringane vanlege ungdommar går gjennom.

– Dei fleste skriv ut frå sine eigne personlege erfaringar og opplevingar, og det er veldig tøft. Det å skriva kan vera ein terapi i seg sjølv, det er ein måte å bearbeida ting på, seier Jacobsen – som snakkar av eiga erfaring.

Sjølv fortel ho nemleg at ho «så vidt» fullførte vidaregåande etter å ha slite med allergiar og etter kvart psykiske plager, og fann hjelp i å setja ord på korleis ho hadde det gjennom skriving.

– Fordi eg veit at eg har hatt så mykje hjelp av det sjølv, vil eg også oppmuntra andre til at det er greitt å snakka om ting, seier Jacobsen.

– Papervoices gir mange ei moglegheit som dei elles ikkje ville ha fått. Det er veldig spennande å få vera ein del av, seier forfattar Frida Andersen (til venstre) om forlaget som Ellen Jacobsen har starta.

– Papervoices gir mange ei moglegheit som dei elles ikkje ville ha fått. Det er veldig spennande å få vera ein del av, seier forfattar Frida Andersen (til venstre) om forlaget som Ellen Jacobsen har starta. Foto: Runar B. Mæland

Lettare saman

Frida Andersen (22) frå Ski er ei av forfattarspirene som har fått sine første tekstar på trykk i «Tyngde».

– Det var veldig stas, spesielt fordi det er eit så kult prosjekt. Det er mykje lettare å skriva om det som er vanskeleg når det står saman med mange andre, og at det ikkje står heilt for seg sjølv, seier Andersen, som hyllar prosjektet med å skapa større openheit.

Medan dei fleste av tekstane i «Tyngde» var nyskrivne til boka, hadde Andersen allereie publisert sine tekstar på sin private Instagram-konto då Ellen Jacobsen fann dei. Tekstane handlar mellom anna om venskap.

– Eg synest det er veldig vanskeleg å bli vaksen og halda på relasjonane sine. Ein endrar seg og veks frå kvarandre, og så blir problema større når ein blir vaksne, noko som kan vera vanskeleg for vener å takla. Så eg ville lufta litt kva eg tenkjer om det i dei vondaste stundene, seier Andersen, og legg til at ho gjerne vil bidra til framtidige utgjevingar frå Papervoices.

– Neste bok er planlagt til februar, og skal ha temaet kjærleik, avslører Ellen Jacobsen.

Frå Frida Andersens Instagram-konto @asfaltkunst:

Et innlegg delt av @asfaltkunst