Dette er dei nominerte bøkene for Brageprisen 2017.  

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse kjempar om Brageprisen

Mange prominente forfattarar står på lista over nominerte til Brageprisen 2017, ei liste som vart offentleggjort tidlegare i dag. Blant dei nominerte er Cecilie Løveid med Vandreutstillinger, Ellen Støkken Dahl og Nina Brochmann med Gleden med skjeden og Thomas Reinertsen Berg med Verdensteater.

Tre bøker på nynorsk er inkluderte: Både Maria Parr, Olaug Nilssen og Knut Ødegård sine bøker kan vinne årets Bragepris i kvar sine kategoriar.

Maria Parr har skrive barneboka Keeperen og havet, der vi møter tolvåringen Lena Lid og naboen Trille. Både Lena, Trille og farfaren må kjempe mot naturkreftane når havet ikkje vil gjere som dei ønskjer. Keeperen og havet har fått gode meldingar og er nominert i kategorien Barne- og ungdomsbøker.

Les reaksjonen til Maria Parr på Framtidajunior.no!

Les også: Maria Parr med ny bok til hausten

God kritikk

Ei anna bok som har fått merksemd i haust, er Tung tids tale av Olaug Nilssen, der ho skriv om livet med eit funksjonshemma barn. Denne sterke boka er nominert i kategorien skjønnlitteratur og har også imponert kritikarane.

Knut Ødegård er nominert i kategorien lyrikk og er på sitt femtiande år som poet. Samlinga Tida er inne vier plass til både politiske og religiøse førestillingar. Eit av dikta hans er tileigna politikaren Sylvi Listhaug.

LES OGSÅ: Les intervjuet til Mette Karlsvik av Knut Ødegård

25-årsjubileum

Brageprisen blei først delt ut i 1992, og har sidan den gong etablert seg som ein av dei største litteraturprisane i landet. Prisen er delt ut av Stiftelsen Den norske Bokprisen, der målet er å skape auka interesse for norsk litteratur.

I tillegg til lyrikk, skjønnlitteratur og barne-og ungdomsbøker, blir det også delt ut ein pris i kategorien sakprosa.

Prisen blir delt ut 21. november på Dansens hus.

Dette er dei nominerte til Brageprisen 2017: 

Open klasse: lyrikk

• Kristin Berget: og når det blir lyst blir det helt fantastisk, Cappelen Damm

• Jo Eggen: Ruindikt, Aschehoug

• Cecilie Løveid: Vandreutstillinger, Kolon forlag

• Knut Ødegård: Tida er inne, Cappelen Damm

Barne- og ungdomsbøker

• Helene Guåker: Sveiseblink, Gyldendal

• Mari Kanstad Johnsen: ABC, Gyldendal

• Hilde Matre Larsen og Mari Kanstad Johnsen (ill.): Gutt og Jente later som, Cappelen Damm

• Maria Parr: Keeperen og havet, Det Norske Samlaget

Sakprosa

• Thomas Reinertsen Berg: Verdensteater, Forlaget Press

• Ellen Støkken Dahl og Nina Brochmann: Gleden med skjeden, Aschehoug

• Monica Kristensen: Amundsens siste reise, Forlaget Press

• Marte Spurkland: Klassen, Cappelen Damm

Skjønnlitteratur

• Rune Christiansen: Fanny og mysteriet i den sørgende skogen, Forlaget Oktober

• Matias Faldbakken: The Hills, Forlaget Oktober

• Olaug Nilssen: Tung tids tale, Det Norske Samlaget

• Ole Robert Sunde: Penelope er syk, Gyldendal