Maria Parr med ny bok til hausten

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maria Parr har sprengjobba med manus dei siste vekene, men no er det klart: Det blir bok til hausten, åtte år etter at ho gav ut den andre boka si Tonje Glimmerdal i 2009.

– Det har tatt litt tid før eg følte at eg hadde noko nytt å koma med. Det er kanskje difor eg er stolt, fortel Maria Parr til Framtida.no.

Keeperen og havet blir namnet på den nye boka som er ein frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte, som kom i 2005.

– Det er ei ganske annleis bok enn Vaffelhjarte, samstundes som det er veldig godt å vera tilbake i dette universet. Det er karakterar eg har blitt veldig glad i, og som eg har hatt med meg heile livet.

Når ting endrar seg
Trille, Lena og farfar er blitt to år eldre sidan sist.

– Tida går litt saktare i Knert-Mathilde, spøker Maria Parr – før ho legg til:

– Det er ei bok om at ting forandrar seg, og korleis ein kan handskast med det.

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Maria Parr?

Trille, Lena og farfar i NRK-serien Vaffelhjarte. Foto: NRK

Stor suksess
36-åringen frå Fiskå i Vanylven har skrive seg inn i litteraturhistoria med Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Bøkene har blitt store suksessar og har blitt spelt på store scenar i teaterversjon og Vaffelhjarte har gått som tvserie på NRK. Bøkene er ute i 28 land.

Berre i Russland er det selt over 53.000 utgåver av Vaffelhjarte, og Maria Parr er med det éin av dei tre mest selde norske forfattarane i grannelandet i aust.

LES SAKA: Maria Parr er stor i Russland

– Korleis har det vore å få all denne merksemda?

– Eg er veldig glad for alt som har skjedd. Men det har tatt tid, og eg har vore nøydd til å kopla meg fri frå det for å få høve til å skriva igjen.

– Og så må ein jo få leva seg opp litt liv også, før ein kan skriva, legg ho til og ler.

Maria Parr bur no med mannen sin og borna deira på fire og eitt og eit halvt år heime på Fiskå i Vanylven kommune på Sunnmøre. For dei som har vore der, er det ein stad ikkje heilt ulik Knert-Mathilde der Trille, Lena og farfar bur.

Les intervjuet Framtida.no hadde med Maria Parr for vel eitt år sidan, der ho først fortalde at ho heldt på med eit nytt manus: – Alle barndommar er like viktige!

Faktaboks

Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.

Maria Parr har mastergrad nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

Ho debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk.

I 2009 gav ho ut boka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009. I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.