Den arabiske hausten

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har ikkje noko val. Det er no vi må kjempe, seier ­­kvinnerettsaktivist Fawzia Baba-Aïssa, som i helga gjesta Førdefestivalen.

Ikkje kontakt med fotografen
Baba-Aïssa frå Mediterranean Women´s Fund (MWF) er med og opnar fotoutstillinga og debatten «Kvifor revolusjon, når eg ikkje kan danse?». Tittelen på utstillinga er eit sitat frå den russiske feministen Emma Goldman og utstillinga har kvinnerettar i arabiske land som tema.

Algeriske Baba-Aïssa har stilt seg opp ved biletet til den syriske fotografen Loubna Awidat, og proklamerer bodskapen som er måla på fotoobjekta sine ryggar.

– Reis deg og kjemp, før du forsvinn.

Ho omset orda med flammar i augo.

­– Eg elskar dei orda. Det er akkurat slik det er, seier Baba-Aïssa, før ho senkar stemma.

­– Men no veit eg ikkje kvar fotografen er. Eg får ikkje kontakt med henne.

LES OGSÅ: Som kvinne er det vanskeleg å tørre å vera upopulær

Venninna forsvann
Baba-Aïssa er oppvaksen i Algerie, men bur i Frankrike. I ei årrekke har ho kjempa for kvinner sine rettar i arabiske land. Det er dette ho brenn for. Det heile byrja den dagen hennar beste ven ikkje dukka opp på skulen.

­– Faren hennar tok henne ut av skulen og etter det har eg aldri sett henne att. Eg grein og grein, og tenkte at slik skulle det ikkje vere. Det var ikkje riktig!

Då var Baba-Aïssa 14 år. Mor hennar hadde ei liknande historie. Då ho var ti år vart ho teken ut av skulen, og måtte arbeide heime. Eigentleg skulle ho bli lærar.

– Mor gløymde aldri draumen om å bli lærar og var alltid trist for at ho ikkje fekk sjansen.

Lærardraumen førte likevel noko godt med seg. Mora leste mykje, underviste barna og fekk dei inn på universitetet. No er Baba-Aïssa doktor i genetikk og kvinnerettsaktivist.

– Desse forteljingane fekk meg til å forstå at eg måtte kjempe for kvinnerettar. Vi har alle våre historier, som gjev oss styrke til å halde fram, fortel ho.

LES OGSÅ: – Valet er mitt

Sigrane
Eitt år etter at den arabiske våren gav håp om endring, er kvinner igjen utestengde frå den politiske arenaen i mange av dei arabiske landa. Baba-Aïssa er uroa for framtida. Den er uviss, meiner ho. Men når ho snakkar om sigrane dei allereie har oppnådd, gliser ho breitt.

I Algerie kjempa ho saman med kjende algeriske artistar mot familielova i landet, som regulerte forholdet mellom mann og kvinne. Mellom anna slo lova fast at kvinner var underordna mannen og den hindra kvinner i å skilje seg. Songen «Kvifor gjorde du det, dommar?», som Baba-Aïssa og artistane laga, medverka til å endre lova.

– Det var eit eventyr å vere med på og ein stor suksess, seier Aïssa-Baba.

I ettertid har lova blitt revidert, og til dømes har paragrafen om at kvinner må adlyde mannen vorte fjerna. Den største endringa er kanskje likevel at det ikkje lenger er tabu å diskutere lova.

Saka held fram under artikkelen.


F.v. Fawzia Baba-Aïssa saman med Dorsaf Hamdani, Anne-Mette Hjelle og Samara Sallam under debatten "Kvifor revolusjon, viss eg ikkje får danse?"

Mot trakassering i Egypt
Engasjementet til Baba-Aïssa har ikkje blitt mindre sidan. Organisasjonen MWF støttar enkeltpersonar og organisasjonar som kjempar for kvinner sine rettar i arabiske land. Mellom anna støttar organisasjonen prosjekt i Kairo, Egypt.

Berre den siste veka skal 100 kvinnelege demonstrantar ha blitt angripne på Tahir-plassen, ifølgje Dagens Næringsliv. Politiet glimrar med sitt fråvær. Baba-Aïssa fortel at kvinnene som har vore på plassen vert pressa til å teste om dei framleis er jomfruer.

– Nyleg var det ei kvinne som nekta å la seg teste. Ho tok det til retten, og ho vann. For første gong!  

Baba-Aïssa fortel stolt om ei gruppe unge kvinner i Kairo, som har starta ein kampanje mot trakassering. Kvinner som opplever overgrep eller trakassering kan sende melding til kampanjens mobilnummer. Organisasjonen bruker meldingane som statistikk og prov for å presse myndigheitene til å reagere. Dei oppsøkjer òg familiane til offera.

– Dei spør fedrene og brødrene kva dei har tenkt å gjere med at kvinnene i familien vert trakassert. No har til og med unge menn byrja å lage forsvarsgrupper, fortel ho.

Baba-Aïssa kallar kampanjen i Kairo fantastisk, og strålar kvar gong ho snakkar om dei mange, små sigrane. Framtida kan ho ikkje seie noko om. Ikkje noko anna enn at det er no kvinnene i arabiske land må kjempe. Men håpet kan ein ane:

– 80 prosent av kvinnene i Egypt har vore utsett for trakassering. Dette er ikkje noko nytt. Det nye er at vi snakkar meir om det etter revolusjonen, seier Baba-Aïssa.

LES OGSÅ: Unge på flukt blir fanga i demokratiet