«Folk kan ikkje definerast utifrå kven dei forelskar seg i»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka har nokre unge norske homofile menn kome ut –- ein gong til – for å snakka om stereotypiane som er knytt til seksualiteten dei har. Eg forstår påstanden slik at såkalla «feminine» homofile gutar gjer det altfor tydeleg på at dei ikkje er hetero, og at det gjer vanskelegare for dei som ikkje er «feminine» å stå fram som open homofil.

Dei «vanlege» gutane, som er homofile, som likar «maskuline» trur difor ikkje dei passar heilt inn. André Bjugstad (Aftenposten, 24 oktober 2016), til dømes, skriv at; «med et stempel som homofil er det ikke til å unngå at man blir satt i en slags bås», som om det vert forventa at alle homsar i dag gjer dei same tinga og har dei same interessene. Dagen etter kom Jakob Semb Aasmundsen med replikk (Aftenposten, 25. oktober 2016), og skriv at; «hver gang jeg danser flørtende til Britney Spears, snakker om hvor mye jeg elsker Frustrerte Fruer eller vifter ekstravagant med armene, gjør jeg det vanskeligere for mange homofile å komme ut av skapet», som om han synest at folk som han er skuldige.

Eg kjenner meg igjen i mykje av det som har vorte skrive i det siste; det kan stundom vera vanskeleg for meg å identifisera meg sjølv med andre homofile gutar, nemleg på grunn av at den homofile livsstilen som me ser og høyrer om i media er prega av det mange tolkar som feminine stereotypiar. Ikkje fordi eg hatar femininitet. Men fordi eg veit at det her ikkje er ein ekte representasjon av kven eg og fleire andre er. Fordi eg veit det folk ikkje kan definerast utifrå kven dei forelskar seg i.

Problemet er sjølvsagt ikkje at femininiteten ruinerer homselivet – dette argumentet slår meg som heilt idiotisk. Men me treng ikkje at einskilde skeive menneske som Jakob skal beklaga for at dei er som dei er. Det er i alle fall framleis mange som ikkje veit korleis dei kan koma ut utan å krangla psykisk med stereotypiane som dei fleste homofile har fått.  

Eg er ikkje mi seksuell legning – eller rettare sagt, den seksuelle legninga mi er berre ein del av kven eg er, men ikkje heile identiteten min.

Det er også mykje meir eg kan seia om meg sjølv som kan skilja meg ut frå resten av samfunnet, veit du! Skal vi sjå: eg skriv med venstre hand. Eg drikk te med mjølk, men utan sukker. Det er ofte umogleg for meg å eta pommes frites utan majones. Eg har sinnsjukt mykje hår på toppen av føtene mine.

Alle desse tinga er jo viktige for meg, og på ein måte kan dei tolkast som ein del av identiteten min, men bør dei verkeleg vera så viktige?

Definerer dei meg?

Når folk lærer meg å kjenna, ser dei noko ved meg som berre skrik: «eg er majonesetar!»?

Nei, eg trur ikkje det.

I den store samanhengen er det berre menneskeleg å skapa våre eigne sosiale og kulturelle grupper basert på dei mest fjollete tinga, og me skil oss ut frå resten av samfunnet som eit resultat. Berre ta ein prat med ein sosiolog du kjenner – dette er ikkje noko nytt. Men viss det er éin ting denne diskusjonen har demonstrert, så er det at nokre røyster er sterkare og meir synlege enn andre – anten me likar det eller ei.  

Me kan samstundes ikkje krevja at andre homofile menn skal droppa heile 'femme'-greia, eller at dei som framleis er i skapet, (desse såkalla «normale» gutane som likar traktor og slåsskamp) skal forsøka å verta noko dei ikkje er med ein gong dei er ute. Det hadde vore ein vonlaus kamp.

Me treng difor fleire røyster frå alle kantar. Det kan verta vanskeleg – kan henda du kjenner nokon som kjem frå ein konservativ kristen familie som framleis er i skapet. Familien veit ikkje at han eller ho ikkje skal gifta seg med nokon av motsett kjønn. Eg skjønar det; å snakka om det med andre er tungt arbeid, og eg har venar som har opplevd liknande situasjonar sjølv.  

Jo meir heile diskursen dreier seg rundt identitet og seksualitet, som om dei absolutt må vera ein og same ting, jo meir vil me høyra om einskilde som slit med depresjonar fordi dei ikkje kan leva med stresset. Eg seier dette fordi dette diverre er mi erfaring. Men eg veit at eg ikkje er den einaste.

Altså – nokre tips: eig deg sjølv. Men – du treng ikkje framheva individuelle eigenskapar eller konsentrera livet ditt om berre ein ting om du ikkje vil det. Vis heile verda at mangfald i samfunnet generelt sett finst. På denne måten kan me verta kvitt ubehagelege, usanne stereotypiar rundt homofili.

LES OGSÅ: «Det er ikkje feminine homofile som er problemet. Det er samfunnet»

LES OGSÅ: SKAM-Sana: – Korleis forklarer du homofili med evolusjonsteori?