Framtida
Publisert
Oppdatert 31.10.2017 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spalta kan samanliknast med siste nyheitssak før sporten i Dagsrevyen, eit godmodig innslag der ein løsnar litt på slipset – og får sjåaren i godt humør att etter tjue minutt med krig, blodbad, drap, lemlestingar, brannar, dop, valdtekt, valfusk og korrupsjon (i omtrent den rekkefølgja). Hovudfunksjonen til slike spalter er å tone ned alvoret mot slutten av avisa, å vere ein fast og passe folkeleg stasjon som lesaren kjenner igjen – og kjenner seg att i.

For sistnemnte aspekt skal ein ikkje undervurdere: Mange les slike spalter for å få vite litt inkjeseiande trivia om «folk i nyheitsbiletet». Vi samanliknar så svara til gjesten i spalta med våre eigne standpunkt – og feller deretter vår knusande dom over vedkommande. «Ha-ha-ha!» tenker vi. «Er verkeleg favorittboka til Trond Giske Sagaen om Isfolket av Margit Sandemo!?» «Det kan ikkje vere sant», undrar vi oss dagen etter.«Er favorittpolitikaren til Siv Jensen Boutro Boutros-Ghali!?»

Slik set vi oss til doms over A-, B-, C- og D-kjendisar. Vi les om dei og nikkar godkjennande når vi er einige i svara deira – for så like etter å fnyse over haldningane deira til ei anna prinsipiell sak.

Men det verste er: Før du veit ordet av det, kan det vere du som er gjest i denne spalta (som A-, B-, C- eller D-kjendis, eller rett og slett fordi det var du som fann den første hestehoven dette året). Og da gjeld det å vere førebudd. Det følgjande er tenkt som ein guide til denne klassiske spalta, ei innføring i dei faste spørsmåla – og kva ein bør og ikkje bør svare.

Generelt – første bod: Unngå dei store tabbane, svara som får lesaren til å vri seg i latter. Andre bod: Styr unna klisjeane. Ein vil jo gjerne framstå som ein original og interessant person. Tredje bod: Unngå å framstå som ein vel original og interessant person, for da vil folk anten tru du er koko eller aller verst: mistenke deg for å vere ein som trur du er noko.

Eg tar utgangspunkt i spalta slik den er utforma i Dagsavisen. Og vi går rett på faste spørsmål nummer 1:

Kva for person kunne du tenke deg å vere for ein dag?
– Vanlege og litt prektige svar, styr unna: George Bush (for da kunne eg avslutta krigen i Irak), Nelson Mandela, Kofi Annan, ein heismontør.
– Uvanlege svar, styr unna: George Bush (for da kunne eg løyve meir pengar til våpenindustrien i USA), Mike Tyson, Adolf Hitler (særleg i perioden da han forsøkte seg som biletkunstnar i Wien).
– Passe svar: Boutro Boutros-Ghali.

Kva for bok har betydd mest for deg?
– Kjedelege svar, styr unna: Bibelen, Vegen til sertifikatet, Norges lover.
– Uvanlege svar, styr unna: Franz Kafka: Prosessen, Jonas Lie: Samlede verker (unntatt Familien på Gilje, den er oppskrytt).
– Passe svar: Den siste boka til Knut Hamsun, Dag Solstad eller Boutro Boutros-Ghali.

Når skjønte du at var blitt vaksen?
– Kjedelege svar, styr unna: «Da eg fekk mitt første barn», «Det har ikkje gått opp for meg enno», «Da eg fylte 18 år».
– Originalt svar: «Da eg fekk mitt åttande barn», «Da eg fekk jobb som heismontør».
– Passe svar: «Da eg las den siste boka til Boutro Boutros-Ghali».

Bør Norge bli republikk?
– Kjedeleg svar, styr unna: «I prinsippet ja, men eg synest kongehuset i Noreg gjer ein god jobb.»
– Svar som vil vekke merksemd: «La oss styrte monarkiet den dag i dag! La oss kuppe NRK! La oss innføre Banan-republikk med det same!»
– Passe svar: «Ja», «Nei», «Boutro Boutros-Ghali eller «I prinsippet ja, og særleg viss ein heismontør får vere konge».

Kva for politiker har du størst sans for?
– Urklisjeen: «Eg har aldri stemt FRP, men det er mykje rett i det Carl I Hagen seier.»
– Kjedeleg og politisk korrekt svar, styr unna: Nelson Mandela, Kofi Annan, Kristin Halvorsen.
– Passe svar: «Eg har aldri stemt FN, men det var mykje rett i det Boutro Boutros-Ghali sa i sin periode som generalsekretær».

Kva var det mest meiningslause du lærte på skolen?
– Vanlege og kjedelege svar: Integralrekning, Kofi Annan, sløyd, nynorsk.

Her vil eg stanse opp litt. For dette minner meg om ein gong Henriette Lien blei intervjua i «Namn i nyheitene» i Dagsavisen. Ho svarte, som så mange andre østlendingar, «Nynorsk» på dette spørsmålet. Dette førte til noko så sjeldant som eit oppfølgjarspørsmål frå intervjuaren:

Kva ville du gjere da dersom du fekk ei rolle på Det Norske Teatret?

Smart stilt. Men Henriette Lien lét seg ikkje målbinde:

– Da ville jeg bare pugget replikkene utenat, svarte ho.

Kjære Henriette Lien: Det er kanskje ein fordel å skjøne kva du seier når du er skodespelar? Eller kanskje ikkje? Det er jo berre ord.

Eg merker det allereie. Eg har mista litt piffen i dette guide-til-den-faste-spalta-prosjektet mitt. Eg var fint i gang, følte eg, men så kom Henriette Lien og spolerte alt. No sit eg her og irriterer meg over svaret hennar. Pugga replikkane utanåt du, liksom! Eg merker det no: Eg kunne tenke meg å skrive ei krass synsing om folk som ikkje likar nynorsk, om ignorantar og språklege analfabetar frå beste vestkant som bruker meir tid på golfbanen, i segleklubben og på skjønnheitssalongar enn å lære seg noko fornuftig her i livet. Men akkurat dette er jo første bod for ein nynorsk-synsar: Ikkje skriv synsingar om nynorsk! Da vil du berre gi inntrykk av å vere ein bitter vestlending full av kompleks. Du vil berre bli freista til å slenge ut ramsalte vendingar til høgre og venstre, men som til slutt slår tilbake på deg sjølv – og som blottstillar dine fordommar. Og sjå korleis det går. Her kjem Henriette Lien og øydelegg alt, og eg er på full fart inn i dei opptråkka stiane som eg nettopp åtvarar mot i innleiinga av denne synsinga. Nei og nei. Det er best eg hoppar rett til siste spørsmål i «Namn i nyheitene»:

Kven ville du helst stå fast i heisen med?
– Kjedeleg svar, styr unna: «Ein heismontør», Nelson Mandela, Kofi Annan.
– Passe svar: Boutro Boutros-Ghali. Eller «Henriette Lien, så skulle eg hørt henne i sterke nynorske verb».