Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 30.10.2017 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette tyder ikkje på at du står ovafor eit menneske som har meteorologi som hobby. Dei fleste vil heller forstå dette som eit venleg forsøk på å innleie til ein liten prat om laust og fast. «Fint ver i dag!» tyder altså «Skal vi prate saman?»

På same måten er det med «Trur du du er noko, eller?» Men denne setninga har ein mykje farlegare undertone. Dersom nokon seier dette til deg, har du overvurdert seg sjølv på det grovaste. No blir du jekka ned og sett på plass. «Trur du du er noko, eller?» tyder: Du er berre ein, eg snakkar på vegner av mange – og vi kan gi deg juling.

Dette må vere eit slags arkaisk refreng, noko nordmenn har sagt til kvarandre i tusenvis av år; eit magisk formular og ei åtvaring til folk som skil seg ut frå resten av stamma. Ofte høyrer ein at folk klagar over å ha blitt utsett for «Jantelova». Men dette er annleis, dette er Jantelova, sitert så å seie ordrett frå paragraf 1: «Du skal ikkje tru du er noko!» Men påbodet blir enda farlegare når det vert formulert som eit spørsmål.

Spørsmålet krev eit svar. Dersom du svarar «Nei, eg trur ikkje at eg er noko», er dette jamgodt med å innrømme at du er eit null. Svarer du «Ja, eg trur eg er noko», er det å be om juling.

Her er ein systematisk gjennomgang av andre moglege reaksjonar:

1) Spring vekk så fort du berre kan
Feigt, men trygt. Det hjelper ikkje å ha ryggrad, dersom det fører til at ryggrada di blir brekt på opptil fleire stader.

2) Gi han juling i staden
Den klassiske, modige løysinga, John Wayne- eller Schwartzenegger-metoden. Diverre er det mykje lettare å skrive «gi han juling» enn å faktisk gjere det. Ofte vil motstandaren din ha ryggdekning, ikkje berre frå eit tenkt samfunn, men frå faktiske kameratar. Dette kan gjere det temmeleg smertefullt å stå for noko, for ikkje å snakke om kor urimeleg vondt det gjer å falle ned på jorda for noko.

Ikkje minst: Juling er farleg. Det er ikkje som på film. Innimellom blir folk skada og kan dø. Du og.

3) Kvikke replikkar
Det er alltid freistande å slå til med ein kvikk replikk. Frå filmar veit vi at helten alltid fornærmar skurkane på det grovaste og likevel endar opp med den pene dama til slutt. Slik er det ikkje i røynda.

Døme I: Naturlegvis er eg noko. Dersom eg ikkje hadde vori noko, kunne vel ikkje du ha snakka med meg?

Lykka ved å avlevere slike glupe kommentarar blir fort avløyst av stjerner og planetar. Dei må difor kombinerast med springing og/eller juling.

Døme II: Eg er overtydd om at alle menneske er noko. Også du, min ven …

På slutten av denne setninga kan vi nesten høyre smellet av neve mot kjeve. Motstandaren din vil oppfatte det som at: a) Du er ei pyse, truleg kristen og/eller homo, og b) Du er ein intellektuell, dvs. du trur verkeleg at du er noko. Dette er som om ein rev i ein engelsk skog skulle gi seg til å blåse på jakthorn. Ikkje særleg lurt.

4) Feigingen
Feigingmetoden går ut på å krølle seg saman som ein liten hund og tigge om nåde. Sei at du aldri skal tru du er noko igjen. Spel gjerne forvirra og/eller mentalt tilbakeståande.

Gråt ein skvett, sei at du har sovi dårleg i natt, samt har hatt ein hard barndom. Gjer deg kort sagt så ynkeleg at heile skuldinga om at du trur du er noko framstår som absurd. Dette er ikkje godt for sjølvrespekten, eg veit det. På den andre sida er det ikkje godt for sjølvrespekten å bli banka helselaus heller.

Kort sagt: nytt det trikset som passar best for di psyke og din fysikk for å kome deg ut av knipa, for slike folk er farlege. Til gjengjeld skal du få eit lite bilete til trøyst.

Det er etter eit verdscuprenn i skiskyting. På pallen står dei glade vinnarane, med Ole Einar Bjørndalen på topp.

Lenger bak står ei gruppe med løparar som hamna mellom 70. og 90. plass. Ein av dei (73. plass) lener seg noko fram og ropar til Bjørndalen:

Hei, du! Trur du du er noko, eller?