Fråværsgrensa: Vi blir tal, ikkje elevar

Anniken Lien og Hina Hussain, 10.trinn, Kjeller skole
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Elevane går i protestar rundt i heile landet for rettane deira. Fråværsgrensa har gått for langt! Er det nokon som høyrer kva dei har å seie? Bryr eigentleg politikarane seg om elevane si helse?

Mange elevar står opp kvar morgon med tanken på å ha ein rettferdig skolekvardag, kor dei skal lære. Men når du er sjuk, lærer du i det heile tatt? Klarer ein å følgje med på skolen? Det er dette fråværsgrensa forlangar.

Mange elevar klarer ikkje oppnå karakterane dei ønsker fordi dei har ikkje god nok helse. Å møte opp på skolen er ikkje alt, det handlar om konsentrasjon.

Drar vi verkeleg på skolen for å få mindre fråvær? Vi drar for å lære og for å gjere oss klare for arbeidslivet. Fråværsgrensa tvingar oss berre til å møte opp på skolen, meir som ein straff eller eit fengsel. Vi blir fleire elevar på skolen, men motivasjonen vil fortsatt gå ned og det vil påverke andre elevar som vil lære noko og har motivasjonen dei treng.

Elevar i dag skal få lov til å ta ansvar for læringa si sjølv, utan at nokon andre skal setje grenser for det. Men kven er det som skal bestemme kor grensa skal gå? Er det politikarar, lærarar eller elevane? Skal me verkeleg la helsa gå som nummer to?

Les meir om debatten her!