Verdas beste by skal lagast frå grunnen av
Saudi-Arabia vil lage ein megaby på grensa til Egypt og Jordan som vil gå på fornybar energi.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det offentlege investeringsfondet til Saudi-Arabia, det største fondet i verda, investerer nær 4200 milliardar norske kroner i prosjektet.
I den ambisiøse planen er det òg ei bru som går over Raudehavet som skal knytte Egypt til Saudi-Arabia og på det viset knytte Asia og Afrika saman. Området som er sett av til prosjektet strekk seg over 25,900 km²(Oslo har 454 km², alt inkludert), og vil difor òg nå grensa til Jordan.

Her skal byen liggje. Bilete: http://www.discoverneom.com/

Klaus Kleinfeld, tidlegare leiar av mellom anna Alcoa og Siemens AG, skal leie byskapingsprosjektet. Foto: Robert Scoble/Flicker/CC-lisens.
Namnet på byen er NEOM og skal ligge heilt nordvest i Saudi-Arabia. Han har allereie eigen Twitter-konto (arabisk) og nettside (på engelsk).
– NEOM ligg på ei av dei viktigaste økonomiske gjennomfartsårene i verda, der omlag ein tidel av verdshandelen går, seier PIF i ei pressemelding.
NEOM vil berre nytte seg av vind- og solenergi. Alle tenester i byen vil vere heilautomatiserte og dei fleste av dei fysiske jobbane vil berre gjerast av robotar. Byen vil ha mild temperatur (relativt sett) grunna ein konstant bris frå havet.
- LES OGSÅ: Vindkraft ga straum til heile Danmark
Digital luft og passasjerdroner
– NEOM vil bli laga heilt frå botnen av, noko som gjev det ein unik sjanse til å vere annleis enn alle andre stadar som har vorte utvikla og laga over fleire hundre år og vil vil bruke denne sjansen til å lage eit heilt nytt livssett med fantastiske økonomiske prospekt, sa kronprins bin Salman.

Kronprins Mohammad bin Salman bin Abdulaziz Al Saud(MBS) av Saudi Arabia. Foto: Shealah Craighead/PD
Han hevdar òg at teknologi er nøkkelsteinen for utviklinga av Neom, og at det blir automatiske bilar, passasjerdroner, nye måtar å dyrke mat på, «digital luft» (gratis internett med minst 100 mb/s til alle), gratis kvalitetsundervising over nett på alle nivå, «e-governance» (styring via internett) som gjer at alle lett kan påverke og nå tenestene i byen, byggingsreglar som gjer nullutsleppshus standard, og eit byoppsett som gjer det naturleg å gå og å sykle, alt berre drive av fornybar energi.
- LES OGSÅ: Solenergi veks mykje meir enn venta
– Alt dette vil skape eit heilt nytt livssett som tek omsyn til ambisjonane og utsiktene til menneskeslekta saman med den beste teknologien framtida har å by på, avsluttar prinsen.
Tidlegare på dagen gjorde kronprinsen det òg klart at heile det ultrakonservative landet han skal styre skal gå i meir moderat religiøs retning i framtida, og vere open for alle religionar.
Saudi-Arabia får stadig kritikk for å bryta ei rekkje menneskerettar, mellom anna religionsfridom, men i vår svarte ambassadøren deira til Noreg at islam overstyrer menneskerettane.
Les historia om då Amnesty sendte puppebilde i loop til ambassaden til Saudi-Arabia.
https://www.youtube.com/watch?v=5BrMca45MEg&t=48s
Kjelder: PIF, discoverneom, Wikipedia