Nils Henrik Smith
Nils Henrik Smith

Då eg jobba i Rogaland Amnesty, sende vi «ved eit uhell» eit par nakne kvinnebryst i fax-loop til den saudi-arabiske ambassaden. Her er historia om korleis det hendte:

I dei Herrens år 1999/2000 avtente underskrivne den sivile verneplikta som såkalla «hasteaksjonsmedarbeidar» ved Amnesty-kontoret i Stavanger. Frå denne tida kunne eg fortalt mangt og mykje, men av praktiske omsyn skal eg her halde meg til det annonserte emnet.

Nils Henrik Smith (f. 1980) er forfattar og skribent. Foto: Ørjan Johansen / CC BY-SA 3.0

Rogaland Amnesty hadde telefonvervarar. Desse var stort sett skuleungdomar som arbeida på ettermiddags/kveldstid. Det var med andre ord ingen vaksne som heldt oppsyn med telefonvervarane, og kontrollerte at dei heldt seg til sine arbeidsoppgåver.

Dette kan, i etterpåklokskapens ljos, hevdast å ha vore uklokt.

På Amnesty-kontoret i Løkkeveien var det nemleg mange ulike maskiner, mellom anna kopimaskin og fax-maskin.

No er det jo slik at ungdom ofte keiar seg, og når dei keiar seg, finn dei på ting.

Det dei unge telefonvervarane fann på, var dette: Dei kopierte puppene og rumpene sine og spreia kopiane kring overalt i kontorlokala.

Så oppdaga ein av dei at fax-maskinen, som til vanleg var slått av utanfor kontortida, ikkje var slått av denne kvelden. (Det var sivilarbeidaren (eg) som hadde ansvaret for å slå av fax-maskinen, men han (eg) hadde gløymt det.)

Telefonvervarane valde eit høveleg par nakne puppar, plasserte arket i fax-maskinen og teipa arkets endar fast i kvarandre. Dette ville medføre at dokumentet gjekk i loop hjå mottakar heilt til alt fax-papiret var oppbrukt.

Dei trykte «send», men utan å velje nytt nummer, noko som medførte at faxen gjekk til førre mottakar, som dei neppe visste kven var.

Etter dette gjekk telefonvervarane heim, glade og tilfredse.

Neste morgon, då eg kom på jobb, fann eg ei ovstor mengd puppar og rumper spreidde kringom i lokalet. Eg samla ihop alle arka og la dei på pulten til sjefen til gjennomsyn.

Først etter at dette var gjort, oppdaga eg at det sto eit ark i faxmaskinen.

Eg kontrollerte det sist brukte nummeret og jamførte med lista over faxnummer som befann seg i ein perm i hylla kor fax-maskinen sto.

Eg hadde ein snikande mistanke, som eg straks fekk stadfesta.

Dagen før hadde eg nemleg sendt eit skarpt protestbrev til Saudi-Arabias ambassade vedrørande den planlagte halshogginga av ein dissident.

No hadde den sjølvsame ambassaden altså motteke ein fax-loop featuring puppane til ein uskuldsrein 18-åring frå Stavanger.

Jaja, tenkte eg, fjerna papiret frå fax-maskinen og bestemte meg for ikkje å nemne det som hadde hendt for sjefen.

Slik ender soga. Eg frykta ei stund represaliar, men sanninga er at ingenting hende. Eg må difor konkludere med at saudi-arabarane må ha sett pris på den uventa gåva frå Rogaland Amnesty.

(Men det var, diverre, ikkje nok til å stanse halshogginga av den arme dissidenten, noko som framleis gjer meg vondt.)

Dét var det heile. Takk for merksemda og takk for meg. The End.

Innlegget vart først publisert på Twitter. Republisert med løyve. 

Oppdatert: onsdag 25. oktober 2017 18.26

Kommentarar

ANNONSE