Berre éin av hundre innan tannpleie er menn

Kjønnsskiljet er framleis stort innan spesielt helsefagleg utdanning. Innan tannpleie er det berre éin mann blant kvar hundre.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar Mari Teigen seier til Aftenposten at ho er overraska over at delen menn er såpass låg i både tannpleiar-, tannhelsesekretær- og helsesekretæryrka.

– Det er jo ekstreme tal. Frå gammalt av har det i slike yrke ofte vore ein relasjon mellom ein mannleg tannlege og ein kvinneleg «underordna». På toppen har det endra seg, men det same har tydelegvis ikkje skjedd med sekretærstillingane, seier Teigen som leier Core, kjernemiljøet for likestillingsforsking.

Ho meiner ein kombinasjon av status og lønn må vere forklaringa, og viser til at kvinner oftare aksepterer dårlegare kår når det gjeld lønn og arbeidstid.

Avisa har samla ein oversikt over delen menn i fleire yrke. Nedst, etter tannpleie, ligg frisør og hudpleiar der 5 av 100 er menn. Dei er etterfølgt av reinhaldar med 11, bibliotekar med 15 og psykolog og grunnskulelærar med 25.

Øvst på yrkeslista ligg dykkar der 100 prosent er menn. Like bak kjem snikkar med 98, vindaugspussar med 96, taxisjåfør med 92 og IT-sjef med 89.

Midt på lista ligg yrka lege og butikksjef med ei kjønnsfordeling på 50 prosent.

(©NPK)