Vart mållause av Målblomen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter ein svært flott kveld i Hareidhallen, der Hareid ungdomsskule og Hareid musikk- og kulturskule baud opp til ein festkveld av ei 100-årsmarkering for Hareid kommune, vart det også delt ut “Målblomen” frå Hareid mållag.

Nokre var kanskje overraska over å sjå rapgruppa Kontrollert Kaos på scena under framsyninga “Fortid vert framtid”, men artisane sjølve såg ut til å vere minst like overraska over utmerkinga som vart overlevert av Kristian Fuglseth.

– For 100 år sidan var det absolutt ikkje sjølvsagt at ein kunne bruke språket ditt eller dialekta di offentleg. Ikkje eingong då eg gjekk på ungdomskulen var det normalt å snakke dialekt på TV. Det var meiningslause reglar som styrte dei rettane vi eigentleg hadde med språk. Men no, takka vere alle som brukar språket, ikkje minst dei som brukar dialektene sine, så har vi eit rikt språk.

Har de lagt merke til at rap alltid er på dialekt? Torstein Hyl den 3. i Side Brok sa: “Legg merke til at rap ofte handlar om nabolaget til dei som skriv tekstane. Då vil det vere meiningslaust å ikkje bruke dialekta si”.

LES OGSÅ: Sløtface:– Vi vil endra verda

Kontrollert Kaos fekk “Målblomen”.
Foto: Elias Johan Liavåg.

Dersom Ivar Aasen hadde levd i dag, så hadde han heilt sikkert høyrt på Kontrollert Kaos. Han hadde omfamna dei som skriv på sitt eige språk, omfamna vanlege folk som skriv om vanlege folk, om bygdene og nabolaga sine. Han omfamna dei som skreiv om ting slik som verkelegheita er der ute, og helst protesterte mot myndigheitene og dei som har makt i tillegg.

Kontrollert Kaos har alltid skrive om ting slik som dei verkeleg er, om vanlege folk og om dei problem alle av oss kan kjenne oss igjen i. Og dei skriv det ned med ein nerve og inderleg truverd på si eiga dialekt. For denne gode bruken av godt språk vil vi dele ut årets “Målblome” til Kontrollert Kaos, fortalde Fuglseth.

For ein gong skuld vart det vanskeleg å finne dei rette orda for dei vanlegvis så treffsikre rapparane.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Dette er vår første pris! Eg skulle ønskje alle i KK-gjengen var her i kveld. Eg tippar likevel eg snakkar for alle når eg seier at dette må vere vår stoltaste augneblink, fortel Roy-André Øvrelid.

LES SAKA I VIKEBLADET!