Frankrike ramma av smørkrise
Franske bakevarer og det berømte smøret er blitt så populært i utlandet at den auka etterspørselen no har ført til smørmangel i butikkane i landet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Prisen på fransk smør steig i august med 60 prosent til 6,70 euro per kilo, i overkant av 63 kroner etter dagens kurs. Det har ført til frykt for smørmangel i tida fram mot jul når franskmennene set i gang med tradisjonell julebakst som den fantastisk gode bûche de Noël, ei kake som er forma som ein trestubbe.
Nokre stadar i landet, som i Bretagne og Normandie, blir det allereie no meldt om smørkrise som har ramma hardare enn andre stadar i landet.
Smørkrisa blir sett i samanheng med meir eksport av smør og bakarvarer til utlandet, og den blir også kopla til mangel på mjølk i Europa.
Dominique Charge, som leier det nasjonale kooperativet for meieriprodukt, seier til radiostasjonen RTL at etterspørselen etter fransk smør aukar i vekstøkonomiar som Kina og Midtausten.

Fransk smør.
Foto: Omid Tavallai/Flickr/CC-lisens.
I 2011 var det Noreg som gjekk gjennom ei nasjonal smørkrise. Den slo ut i tida før jul. Butikkhyllene var nesten fullstendig tomme for smør og butikkane innførte rasjonering. Den gongen kom Frankrike til hjelp. Nederland og Sverige bidrog også til å sikre nordmennene smør.
Tine opplyser at Noreg no står klar til å hjelpe eit smørkriseramma Europa.
– Dersom Europa er interessert i norsk kvalitetssmør, har vi smør å selje om vi blir einige om pris og mengde. Det er berre å ta kontakt, seier direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar Lars Galtung til E24.
Men så langt er det ingen som har takka ja til tilbodet.