Smørpris kan gi croissantkrise i Frankrike

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det franske bakeriforbundet slår alarm, og seier at auken i smørprisane sluker gevinsten dei har fått ved salet av fleire populære bakevarer, blant anna croissanten.

Smørprisane i Frankrike har i år auka med så mykje som 92 prosent fram til mai, ifølgje Fabien Castanier, generalsekretær i bakarforbundet, og no fryktar han for framtida til bransjen.

– Ut frå noverande pris er den samanlagte ekstrautgifta på årsbasis rundt 68 millionar euro for produsentar av kjeks og kaker, seier Castanier til det franske nyheitsbyrået AFP.

– Dessverre kjem situasjonen også til å forverrast dei neste vekene. Det er ein risiko for at det blir heilt tomt for smør, legg han til.

Ein av konsekvensane kan bli at prisane for dei velkjente franske bakverka croissantar, terter og brioche vil stige drastisk, åtvarar bakeria.