Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brød er meir enn berre mat

Bibelen snakkar om det heilage brød, om korleis brødet sjølv symboliserer Jesus sin kropp. Men brødet eksisterte lenge før Jesus.

Sannsynlegvis hadde dei første brøda form som eit flatbrød. For 30.000 år sidan steikte dei brødet over bål, og først ved landbruksrevolusjonen for 10.000 år sidan blei korn hovudingrediensen. Seinare blei brød steikt i omn.

Brød er meir enn berre mat. I mange språk opptrer brød som eit fenomen med både sosial og religiøs betydning. Den som ber seier «gje oss i dag vårt daglege brød», der brødet er synonymt for mat og føde. På engelsk seier dei «he stole the bread from my mouth», og på norsk kallar vi det levebrød. Brødet er altså ofte brukt om både jobb, inntekt, livsgrunnlag og eigedelar.

Brød i språk

Dette ser vi i språket. Ein «bread-winner» er hovudinntekta i ei hushaldning, «breadbasket» er eit omgrep som kan bety ein produktiv region og frasa «putting bread on the table» betyr å arbeide for å skaffe mat på bordet. I tillegg til å bety pengar, har brød også ei sosial tyding.

Det engelske ordet companion (ein kompanjong) kjem frå dei latinske orda com (med) og panis (brød). Britane seier også «to break bread with someone» for å dele eit måltid i lag. Men brødet spelar også ei stor rolle i andre kulturar.

Den rumenske poeten Juvenal skal ha sagt at folket berre brydde seg om brød og sirkus. I den russiske revolusjonen i 1917 vart bolsjevikarane lova fred, land og brød. I slaviske kulturar er brød og salt tilbydd alle gjestar og i India er livsgrunnlaget referert til som brød, klede og hus.

Brødbaking var lenge eit arbeid utført av kvinner. Foto: Wikimedia commons

Herskap og tenerar

Måten brødet blir omtala på i språket, syner at brød har spelt ei viktig sosial rolle. Brød er symbolet på velstand og livsgrunnlag. Derfor er det heller ikkje overraskande at brødet spelar ei rolle i ulike klassesamfunn.

Mange samfunn i verda har gått til opprør mot adel, konge og styresmakter når dei har hatt lite å ete. «La dei ete kake», er det kjente historiske svaret til dronning Marie Antoinette då folket demonstrerte utanfor slottet, svoltne og tomme for brød.

Sjølv om det ikkje finst noko historiske bevis for at dronninga faktisk sa dette, seier strofa ganske mykje om korleis brødmangel førte til fattigdom og svelt. Frasa, uansett opphav, seier også mykje om den franske overklassen sin arroganse ovanfor fattige.

190.000 rett i søpla

Faktisk har brødet ei ganske stor rolle i klassesystemet. Det engelske ordet Lord kjem frå det anglo-saksiske ordet hlāfweard, som betyr «bread-keeper», eller på norsk: Den som har brødet. Den britiske overklassen blir ofte også kalla for «upper-crust», som betyr øvste skorpe (i dag er upper crust betre kjent som ei pizza-kjede).

Etter at tenarane på herregarden hadde bakt brød om morgonen, skjærte dei skiver av brødet på langs i staden for rett fram. Herskapet fekk dei øvste skivene og tenerane fekk den nedste delen: Den som var dekt av aske frå omnen.

I dag har vi brød tilgjengeleg overalt, og rike og fattige et stort sett dei same brøda. Vi har etter kvart gløymd posisjonen som brødet har hatt opp gjennom. I 2014 kasta nordmenn heile 190.000 brød rett i søpla og butikkar kastar alle brød som ikkje blir selt på dagen.

Så sjølv om brødet framleis har verdi i språket vårt, har ikkje det fysiske brødet like stor verdi som det ein gong hadde. Det same kan vel seiast om kaker.