Bølgjer

Anonym (15)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Livet går i bølgjer. Nokon dagar er stille. Andre dagar er svarte hol, kor du ventar på at verda skal sluke deg. På gode dagar kan du smile frå hjartet. Du kan le, vere høglydt, føle deg engasjert og positiv. Desse dagane er viktige, og du veit det. For den neste dagen kan verda gå i svart.

Bølgjene i hovudet ditt er like uforutsigbare som bølgjene på havet. Vinden som set dei i gong kjem innanfrå. Du kan leggje deg på toppen av ei bølgje, og vakne langt nede i ein bølgjedal. Du kan grue deg til neste dag, for så å vakne, og gle deg til det same. Små bølgjer, store bølgjer. Krasse og mjuke. Det er lett å bli sjøsjuk.

Når du vaknar med ein klump i magen, veit du at du har tapt. Du veit at dagen går ein veg. Om du er heldig, klarar du å græte. Då kjenner kroppen kva du føler. Om ikkje blir du gåande som ei bombe, klar til å eksplodere. Du veit aldri om det nokon gong skjer. Kanskje du brøler, slår i veggen, kjeftar utan grunn eller stikk av. Eller kanskje sitt du heilt stille som ein statue, fanga i ditt eige hovud, og ønskjer deg langt, langt vekk. For kva er det? Kva er det som gjer så grusomt vondt?

Å leve slik er vanskeleg. Like vanskeleg kan det vere for dei du er glad i. Å sjå deg skyve frå deg alt, stengje deg ute og forsvinne. Kva skal dei gjere? Trøste, når det ikkje hjelper? Kjefte, når det berre gjer det verre? Sjølv veit du ikkje, hovudet ditt er for fullt av tomheit.

Du ber det med deg. Det ligg i sekken. Sjølv når du er 70 år, vil du mest sannsynleg ha det med deg. Minnane, kjenslene og frykta for deg sjølv. Kanskje tek det stor plass, eller kanskje klarar du å halde det på avstand. Likevel er havet aldri stille, og bølgjene vil fortsetje å slå.

 

Teksten er henta frå boka «Tyngde», gitt ut av forlaget Papervoices.

Les meir: Ho starta forlag for å få fleire unge til å bruka stemma si