Skrifta på veggen i Odda

Mange elevar og kjende forfattarar deltek med eigne twittertekstar ved Litteratursymposiet i Odda.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Geriljadikt mellom trusene på Cubus

Symposiet har halde på heile veka. Tekstane går i loop på ein vegg ved Smelteverksporten i Odda, og nokre av har lese opp dikta. Dikta er på storleik med ei Twitter-melding.

Prosjektet til Odda ungdomsskole heiter Skrifta på veggen, og har òg dikt frå fleire kjende forfattarar, mellom anna Frode Grytten og Simon Stranger – i tillegg til fem andre skular i Noreg – og ein skule i USA.

Geriljelesing

Elin Eikemo, elev i åttande klasse synes det er kjekt at folk får sjå kor flinke dei er til å skriva dikt og tekst.

Nokre ungdommar frå 8-klassen i Odda har drive med noko som kallast «Geriljalesing» i sentrum. Elevane står på ein kasse og les dikta sine i sentrum av Odda. Elevane synes det er kjekt å vera med på.

Elevane har òg lagt ut lappar i ulike butikkar i byen.

– Så du kan risikera å finne små dikt mellom trusene på Cubus, humrar rektor Sven Olaf Brekke.

Ylva H. Gravdal i 8.klasse, fortel korleis klassen har arbeida fram dikta.

– Klassen laga tankekart og skreiv ned kva klassen tenkte kring ordet kapital. Så klipte me orda opp, og la dei i ein kopp. Så trakk me ord me skulle skrive om. Eg trakk ord som pengar og setlar. Eg tenkte på å skriva om fattig og rik. Pengar gjer at det vert forskjell i verda, fortel Ylva.

Nokre av elevane skal og delta saman med forfattarar og lesa dikt under arrangementet U-Bar. Der vert det og musikk av elevar på skulen. Skulen i USA deltek via video med dikt òg.

Brukte Facebook til å skriva dikt

Elevane over 13 år fekk bruka Facebook for å skriva dikta.

– Då opprettar me lukka grupper som elevane publiserer i. Dette gjere me på 9.- og 10.trinn. Der kan elevane trykkje tommel opp på innlegg. 8- klasse har skreve det i Google classroom og delt diktet med læraren, seier rektoren ved skulen.

Elevane i åttande klasse synest det er lettare å skrive kortare tekstar. På lengre tekstar må du tenkja meir og så er det meir å retta, meiner Jone E. Pedersen, medan rektoren ler.

Les intervju med to av diktskrivarane her!

Produsentar – ikkje konsumentar

Helt frå starten av Litteratursymposiet har det kome forfattarar rundt på skulane i området og lest. Rektoren ynskte å finna ein måtte slik at elevane vart meir delaktige i symposiet, slik vaks denne ideen fram.

– Eg ville at elevane skulle vera produsentar, ikkje berre konsumentar, På eit bibliotek får berre elevane ta del i ein liten del av symposiet. Under denne veka er det i sentrum det syder og kokar, seier han.

– Me har mange flinke elevar og gode tekstar. Me er éin skule, så me kan ikkje berre løfta fram dei som får gull, sølv og bronse. Me har eit ansvar for å løfta alle fram. Så alle elevane får anten ein tekst eller eit bilete dei har tatt som tolking, med på presentasjonen. Sånn må det vera, seier Brekke.

Les alle dikta her!