Kommunar har fått penis-spørsmål etter Loe-bok
Forfattaren synest sjølv e-postane er litt morosame.
Ei rekke kommunar i mange delar av landet har det siste halvåret fått ein merkeleg førespurnad, nemleg om dei har ein «kukkonsulent».
Sist ut er fleire kommunar i Akershus, mellom anna Lillestrøm, Nittedal, Nes og Eidsvoll, skriv Romerikes Blad.
Ein person som kallar seg «Vegard Minecraft», viser i førespurnaden til Erlend Loe-boka «Kukene/Kukane». Boka handlar om at penisen til hovudpersonen fell av medan han dusjar. Heilt til slutt i boka står det: «Om du kjenner behov for å prata med nokon etter å ha lese denne boka, ta kontakt med kommunen sin kukkonsulent.»
I e-posten, som vart send i september, uttrykkjer han bekymring for både seg sjølv – og den tamme grevlingen sin «Erik». Sidan vedkommande ikkje har fått svar, har han purra både éin og to gonger.
Identiteten til personen bak e-postane er ukjend. Romerikes Blad har heller ikkje fått svar på førespurnaden sin på e-postadressa han bruker på e-postane til kommunane.
– Teste kommunen litt
– Dei var nok litt usikre på kven i kommunen som skulle svare på ein slik førespurnad. Så tenkjer eg at her er det nokon som har hatt det ordentleg gøy, men eg tenkjer også at dei er ute etter å teste kommunen litt, seier kommunikasjonssjef Heidi Lippestad i Lillestrøm kommune til lokalavisa.
Medan Nes svarte kort at dei ikkje har ein slik konsulent, har Lillestrøm, Eidsvoll og Nittedal alle svart med humor.
Nittedal beskreiv mellom anna rolla og mandatet til kukkonsulent-tenesta, medan Lillestrøm tilrådde å kontakte legevakt ved akutte hendingar, ifølgje Romerikes Blad.
Loe: Litt gøy
Erlend Loe, som vart nominert til bokhandlarprisen for utgivinga, har tidlegare i fleire medium avvist at han står bak førespurnadene. På X skreiv han «Må innrømme at jeg syns dette er litt gøy» med lenke til eit av medieoppslaga.
E-postane er tidlegare omtalte i mellom anna Bygdebladet, Glåmdalen, Østlendingen, Tvedestrandsposten, Steinkjer-Avisa, Trønderbladet, Søvesten og Telemarksavisa.
Dei som eventuelt skulle vurdere å søkje på ei slik stilling, kan bli skuffa, for det er ingen ledige jobbar som kukkonsulent på Finn.no
Har du lese bokmeldinga vår av den aktuelle romanen?







