Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi hadde ikkje klart oss utan det. Vi brukar det til drikke, til matlaging, vask og bad. Men vatnet kan også vere øydeleggande, som når det skapar flaum og fukt. Klimaforskarar åtvarer mot meir ekstrem-nedbør og meir flaum dei kommande tiåra. Både byar og tettbygde område med bratte bekkar er utsette, og asfaltert veg samlar opp vatn meir enn mark.

I haust har Sørlandet blitt råka og flaumen har så langt gjort skade for 250 millionar kroner. Så korleis kan vi stoppe alt vatnet som kjem? Går det an å fjerne vatn reint fysisk?

— Må ta det som kjem

Når du frys vatn så må lufttemperaturen vere kald nok til å halde vatnet fryst, og det vil ikkje klimaendringane tillate. Om du kokar vatn, vil det kome ned att som nedbør.

— Eg trur nok at vi berre må ta imot det vatnet som kjem, seier kjemikar Tore Skodvin ved Universitetet i Bergen.

— Både å fryse det ned eller å fordampe det vil kreve så enorme mengder med energi at det er heilt utelukka. Det finst heller ikkje nokon andre måtar å binde vatnet på som kunne tatt unna det som kjem. Skulle vi ha utvikla noko super-absorberande materiale som nyttast i bleier og liknande, måtte vi trenge så mykje av det at det i praksis ikkje let seg gjere.

Flaum i Sogn og Fjordane. Foto: Wikimedia commons.

Ekstreme konsekvensar

Den auka nedbøren kan skape enorme utfordringar i Noreg dei kommande åra. Spørsmålet er om kommunane er førebudd på dei.

— Det er to hovudutfordringar med auka nedbør, og vi må tenkje på begge, seier Ellen Marie Viste, postdoktor i meteorologi ved Universitetet i Bergen og ved Bjerknessenteret.

— Det eine er dei store flaumane i elver og vatn. Kanskje regnar det i dagevis, og jorda er så gjennomvåt at ho ikkje kan ta unna meir. Då kan elvene gå over sine breidder eller ta nye laup, og skråningar kan rase ut. Konsekvensane for hus og vegar blir enorme. Dette må vi tenkje på når vi bygger nye bydelar, og vi må sikre husa som allereie er bygde.

Slik kan ei vêrmelding i 2050 sjå ut:

Byggje etter naturen

Dersom det pøser i berre få timar kan det skape store problem. Om ikkje avlaupsystema i byane er store nok til å ta unna alt vatnet, blir det overfløyming i gatar og i kjellarar.

— Vi må ta omsyn til naturkreftane når vi bygger. Eg vil gjerne gje ei utfordring til den unge lesaren. Du som skal bu i framtidas by; korleis vil du at byane skal vere? Kva må til for å trivast med å bu der? Og kva må til for å sikre dette?

— Kva er det ved klimaendringane som konkret skapar meir nedbør og flaum?

— Skyer og regn blir danna når lufta er metta med vatndamp. Kor mykje vatn det er i lufta avheng av temperaturen. Jo varmare luft, jo meir vatndamp, jo meir regn. Den same forskjellen ser vi mellom årstidene. Trass i at vinterstormane er sterkast, blir det meir nedbør om hausten.

Ellen Marie Viste, meteorolog ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

Meir uvêr

På Vestlandet oppstår flaum i samband med kraftig uvêr om hausten, og desse flaumane vil bli større og opptre oftare med auka nedbør. Snøsmelteflaumane på Østlandet vil derimot bli mindre på grunn av mindre snø i fjella.

— Når det gjeld flaum spelar det ei stor rolle kva som har skjedd i forkant av regnvêret. Har det regna så mykje at bakken ikkje kan ta unna meir? Er det snø på fjellet som vil smelte og forverre det, eller vil snøen fange opp noko av vatnet?

Geografien er også viktig. Om det er bratt i området, vil vatnet renne bort. Men det kan også samle seg i flaumutsette elver.

— Og kor ligg husa i forhold til elva? Det har alt å seie for kor store konsekvensar flaumen får, seier Viste.

LES OGSÅ: Dette meiner nordmenn bør gjerast med klimaendringane

Flytte nedbøren

Tilbake til kjemien: Vi har sett at det ikkje vil vere mogleg å fjerne vatnet med koking eller frysing. Men kjemikar Tore Skodvin fortel om ei anna løysing, som har blitt prøvd ut i Kina.

— Det einaste kjemiske alternativet eg ser føre meg, er å forsøke å få nedbøren til å falle tidlegare. Mesteparten av den fuktige lufta kjem frå vest, så om det er mogleg å tømme skyene før dei når land, kunne det ha hjelpt, seier han.

I Kina har dei gjort forsøk med å spreie nanopartiklar over skyene for at vatndampen i skyene skal ha «kimar» som kondenseringa (fordampinga) kan gå føre seg på. Når tilstrekkeleg mengde vatndamp har kondensert, vil dei danne vanndråper som deretter vil falle som nedbør. Ein får altså nedbør i eit område der det ikkje ville blitt nedbør av seg sjølv.

Men Skodvin er skeptisk.

— Eg kan ikkje sjå føre meg at dette vil fungere i eit større område, som her i Noreg. Berre tanken på kor store mengder partiklar som vi måtte spreidd dagleg for å få ein effekt, i tillegg til alle flya som trengst, gjer meg overtydd om at dette ikkje vil fungere i praksis.

Tore Skodvin ved kjemisk institutt, Universitetet i Bergen. Foto: UiB

Flytte vatnet til Mars

— Dersom auka vatnstand blir eit problem i Noreg, er det eit alternativ å flytte vatnet til andre stadar i verda, eller kanskje til og med andre planetar? 

— Ferskvatn er ein avgrensa ressurs på jorda, så eg vil ikkje seie at det er ein god idè å eksportere det frå planeten. Den mest effektive måten vil vere å sikre at vatnmassene kan kome seg til havet mest mogleg uhindra. Altså må ein syte for at avrenninga har tilstrekkeleg kapasitet til å ta seg av den auka nedbøren.

Skodvin trur heller ikkje på å eksportere vatnet til andre regionar, sjølv om dei har underskot på vatn.

— Det høyrest både solidarisk og fornuftig ut, men det er nok ikkje praktisk mogleg. Det har blitt forsøkt å frakte isfjell til Midtausten, der ein sleper isfjella med slepebåt for å forsyne regionar med ferskvatn. Så vidt eg veit har ikkje desse forsøka vore særleg vellykka. Så det å transportere vatn frå ein del av verda til ein annan er inga lett oppgåve, avsluttar kjemikaren.

LES SISTE KLIMANYTT HER!