Triks eller trits?

Ragnar Hovland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kanskje du sjølv gjekk utkledd rundt på dørene til folk, kanskje med eit graskar tredd nedover hovudet, med godteposen din. Du kan vere sjeleglad for at du ikkje kom og ringde på hos meg. Då hadde eg klaska døra i trynet på deg eller bedt deg gå heim og skamme deg – og seie til foreldra dine at dei også skulle skamme seg. Eller eg hadde fått ein på din eigen alder, men sterkare enn deg, til å jule deg opp. Og han ville nok ha tredd heilt andre ting enn graskar nedover hovudet på deg, ja.

No trur du kanskje eg er ein gammal og sur mann som hatar alt det som ungdom driv med. Og visst er eg ein gammal og sur mann, men eg hatar ikkje alt det som ungdom driv med av den grunn. Og eg har ikkje noko imot Halloween i seg sjølv. Det er heilt greitt at dei driv med det i USA, der dei har halde på med slikt i alle år, i filmar og teikneseriar. Eg liker også dei amerikanske filmane med Halloween i tittelen. Og det eg liker best med dei er at alle dei ekle ungdommane blir drepne av gale mordarar, og eg kan gå glad ut frå kinoen og tenkje at dei fekk sanneleg som fortent.

Så snakkar eg kanskje slik fordi eg er misunneleg på amerikanarane, for at dei får til så mykje, særleg slikt som barn og ungdom synest er moro. For her i landet, t.d., klarer vi jo ikkje det. Her får vi stort sett berre til slikt som barn og ungdom synest er keisamt.

Og når eg tenkjer på min eigen barndom og ungdom – sjølv om ingen den gongen hadde kome på tanken at ein skulle begynne å feire Halloween, den gongen hadde ein meir enn nok med julefeiring – så ser eg jo fort at eg størstedelen av tida var svært opptatt av det amerikanske. Av cowboyane og indianarane, av skyskraparane, av gangsterane, av dei svære bilane, av den flotte musikken, av heile verda til Walt Disney, av at alt var så stort og vellykka.

Sjølv då ein begynte å sjå at ikkje alt var slik det burde vere i Amerika, så var ein framleis opptatt av det store og flotte. Eg hugsar for ei oppleving det var første gong eg med eigne auge fekk sjå skyskraparane i Chicago, og Grand Canyon. Eller då eg verkeleg fekk oppleve Disneyland. Og heile tida kjem det jo strålande musikk frå dette landet, og gode filmar.

Kvifor må det då vere slik at i eit land som har så mykje bra, så må det finnast så mange sinnssjuke og stokk dumme folk (berre sjå ein gong til på president George W. Bush, synest du han verkar heilt god?)? Folk som ikkje veit noko som helst om verda utanfor, og som vil eksportere sin eigen idioti til resten av verda. Og som faktisk også har makt til å gjere det. No tenkjer eg ikkje lenger først og fremst på Halloween, ikkje eingong på Valentinsdagen.

Alle hadde vi sympati med USA etter terroråtaket den 11. september. Men etter at dei no har bomba sivile i Afghanistan nokre veker er den same sympatien fordufta. Og det er noko amerikanarane aldri vil forstå. Og derfor er dei livsfarlege.

Og derfor er kanskje Halloween det mest typisk amerikanske ein kan tenkje seg. I Afghanistan ringde det på døra. Då dei gjekk ut for å sjå, stod det nokon der med graskar over hovudet og sa “trick or treats”. Afghanarane skjønte ikkje heilt kva det tydde, at dei skulle velje “treats” og hente fram godteria sine. Slik er det når ein ikkje forstår språket. Så no har dei i staden fått oppleve “tricks” ei stund, og amerikanarane har fleire tricks på lager, det kan du berre rekne med.