Språk og komikk

Borghild Gramstad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det byrja med ein kronikk i Dagbladet av forfattar og førsteamanuensis Helene Uri ved Institutt for lingvistiske fag på Universitetet i Oslo. Her skreiv om då ho ”kom ut av skåpet”, språkleg sett. Ho gjekk då over frå radikalt bokmål til konservativt bokmål/riksmål.

Uri skriv om kor sårande det kjendest då ein kollega lo av skriftspråket hennar fordi det var for konservativt. Ho blei såra og sint fordi det var jo hennar hjartespråk han latterleggjorde, den skriftforma som låg nærast hennar talemål.

Velkomen etter! Slikt har dialektbrukarar og nynorskskribentar måtta tåla i hundre år i Noreg. Slikt må nynorskelevar høyra både frå Unge Høgre og andre miljø som vil nynorsken til livs, men som ikkje har lært seg til å pakka det inn så fint som statsråd Kristin Clemet og byrådane i Oslo. Eg forstår svært godt Helene Uri sitt sinne over at nokon tillet seg å le av språket hennar fordi eg sjølv har opplevd det same. Likevel får eg meg ikkje heilt til å synast så synd på henne, hennar hjartespråk er trass alt maktspråket her i landet, og utgangspunktet for mange av dei som latterleggjer meg og mitt hjartespråk!

På same måten fnyser eg kvar gong eg høyrer eller ser redaktøren i homsebladet Blikk klaga på at homofile blir diskriminerte: I hans blad slepp ikkje nynorsken til, fordi dei vil ha ein einheitleg stil! Det same kan vel Frelsesarmeen seia om sine offiserar: dei vil ikkje ha homsar i uniform, fordi dei vil ha ein einheitleg stil. Nei, folk som diskriminerer andre, har lite truverde når dei ropar på rettferd for seg sjølve.

Helene Uri er ganske sikkert ikkje av dei som diskriminerer andre. Men når ho skriv om koss ho har opplevd eit press for å skriva radikalt bokmål, og at ho sjølv har skrive i eit språk meir radikalt enn ho ville fordi ho forsto at det blei premiert, er det på tide med eit par faktaopplysningar: Nynorsk er i praksis forbode i dei største norske avisene. Dei svært få gongene ein kan lesa nynorsk i Dagbladet, VG eller Aftenposten, er i lesarinnlegg og kronikkar skrivne av folk utanfor avisa. Og sjølv då kan ein ikkje vera trygg for at ikkje redaksjonen overstyrer og set ei overskrift eller ein ingress på bokmål, slik førsteamanuensis Arne Torp ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, UiO, skriv i artikkelen sin i siste nummer av Språknytt: http://www.sprakrad.no/templates/Page.aspx?id=7550
Både Dagbladet og Aftenposten går så langt at dei siterer frå bøker på nynorsk, med sitatteikn og alt, men sitata er på bokmål! Første gongen eg stussa, var då Aftenposten presenterte boka om arkitektfirmaet Snøhetta, skriven av Kjartan Fløgstad. Alle sitata frå boka var på bokmål, og eg lurte verkeleg på om Fløgstad hadde blitt bokmålsbrukar i denne boka. Det hadde han sjølvsagt ikkje, men redaksjonen i Aftenposten braut altså sitatpraksisen ved ikkje berre å omskriva eit sitat på si eiga målform, men ”sitera” si eiga gjendikting. Og no sist var det Dagbladet som siterte i det lange og det breie frå boka om Valgerd Svarstad Haugland, skriven av Olav Kobbeltveit. Boka er på nynorsk, men i Dagbladet blei ho sitert på bokmål, med sitatteikn.

Desse avisene er fulle av nynorskjournalistar som ikkje får bruka hjartespråket sitt. Det er heller ikkje mykje radikalt bokmål, enn seia hokjønnsord i desse avisene, Uri kan seia kva ho vil. Det bokmålet me ser i media, er på veg i konservativ lei, vekk frå former som dei fleste har i talemålet sitt. Endå meiner avisene sjølve å vera ”på DIN side”, og representera folkemeininga. Nei, no må me snart gjennomskoda dette språktyranniet og gjera opprør, og me har plass også til riksmålsfolk, om dei gir plass til oss!