Sjenanse og verdigheit

Borghild Gramstad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag er det ganske vanleg å sjå jenter kle av seg ved garderobeskåpet sitt, pakka seg inn i badehandkledet, gå til dusjen, henga frå seg handkledet så nært at dei kan slå det rundt seg så snart dei skrur av vatnet i dusjen, for så å koma seg trygt tildekka tilbake til skåpet og kleda sine igjen. Det verkar altså som om det er om å gjera at dei viser seg fram nakne så lite som råd, sjølv om dei er blant andre kvinner. Dette er alminnelege, flotte jenter, som slett ikkje har grusomme kroppslege ting å skjula. Kor kjem dette frå, og kva gjer det med desse jentene og oss andre rundt dei?

Eg har sjølv mykje å takka treningsgarderobar og –dusjar for, det har gjort underverk for den kroppslege sjølvtillita mi. Det kan mest ikkje undervurderast kor viktig det er å sjå at sjølv den jenta du beundrar mest, sjølv den mest populære og omsverma på skulen eller i miljøet rundt deg, har ein heilt alminneleg kropp. Når me ikkje får sjå kvardagskroppane rundt oss, blir det reklame- og filmkroppane som set standarden for koss ein naken kropp skal sjå ut. Og mediakroppane er ikkje ekte kroppar. Ikkje berre er kroppane til kvinnelege skodespelarar og ikkje minst supermodellar sveltefora, fettsugde og silikoninnsprøyta, dei er også retusjerte og fargelagde reint teknisk i studio og på datamaskinane før me får sjå dei.

Og mediekroppane er også sette saman av delar frå heilt ulike kroppar. I film- og reklameindustrien er det mange som lever av berre ein av kroppsdelane sine. Til liks med stuntmenn som gjer dei farlege scenane som stjernene ikkje bør utsetta seg for, har ein stuntbryst og stuntrumper og stuntbein og alle andre kroppdelar ein kan tenka seg, som blir klipt inn der nokon meiner at skodespelaren sine bryst/rumpe/bein osv. ikkje strekk til. Kroppen til Julia Roberts i filmen ”Pretty woman” var visstnok sett saman av fire forskjellige kvinner, og på filmplakaten var berre hovudet hennar eige.

Slike kroppar har altså media å tilby oss som ideal og modellar. Dette skjer samtidig som den kvinnelege ungdomsmoten blir meir og meir avkledd og sexifisert. Magar skal visa, kleda skal vera tettsittande og utfordrande, kjønnshåret skal vera frisert, og alt anna hår skal vera vekke eller under streng kontroll. Det er reint så det blir ei undergravande og revolusjonær handling å vera i ein offentleg garderobe med ubarberte legger, hår under armane og utan string-truse!

Kanskje er det slett ikkje merkeleg at mange norske jenter pakkar seg inn og viser seg fram minst mogleg, sjølv når dei er blant andre alminnelege jenter. Kanskje det er ein sjølvforsvarsteknikk, ein måte å verna seg mot den offentlege mediakroppen med sine umenneskelege krav. Men slik kastar me på båten ein god og viktig tradisjon me har her i nordområda. Eg hugsar interrail-turar der me norske jentene himla med augo til svenskar og finnar over dei amerikanske jentene, dei som hadde barberte legger alle som ein, og som dusja med badedraktane på i fellesdusjane på ungdomsherberga me budde på. Eller undra oss over dei katolske jentene som aldri sola seg topplause, men som hadde dei mest utfordrande badedraktar og bikinar ein kunne tenka seg. Me kom frå land med fellesbadstu, nakenbading på somrane og topplaus soling, me var stolte over å vera frigjorte nok til ikkje å skjemmast av kvardagskroppane våre.

Dess mindre kroppsleg variasjon du ser rundt deg, dess strengare og meir urealistiske krav vil du stilla til din eigen kropp. Dess færre ubarberte leggar du ser, dess verre blir det å ikkje barbera leggane. Dess færre alminnelege bryst du ser, dess meir unormale vil du tru at dine eigne er. Slikt blir det kroppsangst og eteforstyrringar av. Vil me ha det slik? Eller skal dei unge jentene ta kroppane sine tilbake? Kvitta seg med sjenansen og få verdigheita igjen?