No byggjer vi meir vindkraft enn Sverige
Betre på utbygging av all fornybar energi.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vass- og vindkraftverk som til saman vil produsere 4,7 TWh fornybar straum i året var under bygging i Noreg ved utgangen av andre kvartal. For første gong sidan elsertifikatordninga vart innført i 2012, vert det no bygd meir vindkraft i Noreg enn i Sverige.
– Vi ser no at fornybarutbygginga i Noreg er større enn i Sverige. Svenskane bidrar framleis mest til å oppfylle måla i elsertifikatordninga, men den auka byggjeaktiviteten her i landet bidrar til at forskjellen vert redusert, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Vil fylle tanken med vind
Kraftverk med ein samla årleg produksjon på nesten 8 TWh er under bygging i Noreg og Sverige. Av dette er 4,7 TWh her i landet, medan 3,3 TWh er i Sverige. I dei svenske tala inngår også 1,3 TWh straum frå bioenergi. Det betyr at den pågåande vass- og vindkraftutbygginga i Noreg er meir enn dobbelt så stor som tilsvarande utbygging i Sverige.
LES OGSÅ: Her kjem Europas største vindkraftpark

Tabell: NVE