– Ansvarsfråskriving at Noreg ikkje påtar seg ansvar som ein pådrivar for eit forbod.

Ingrid Aspelund, Espen André Breivik, Hanne Sofie Lindahl og Karoline Steen Nylander
Ingrid Aspelund, Espen André Breivik, Hanne Sofie Lindahl og Karoline Steen Nylander

Denne veka markerer vi 70-årsdagen for bombinga av Hiroshima og Nagasaki. 6. og 9. august 1945 vart dei to byane jamna med jorda, av amerikanske atomvåpen. Meir enn 100.000 menneske vart tilinkjegjort i løpet av sekund. Tusen fleire døydde i vekene, månadene og åra som følgde. Framleis aukar hyppigheita av kreft blant dei overlevande og etterkommarane deira.

På Youngstorget i Oslo vert markert Hiroshima-dagen med ein stor gratiskonsert, for å minnast atombombene sine mange offer. Men det held ikkje berre å minnast. Vi må òg handla. Atomtrusselen er like reell i dag, som tidlegare. Over 16.000 atomvåpen eksisterer i verda i dag, mange av dei klare til utskytning i løpet av sekund. I over 40 år har atomvåpenstatane lova å rusta ned, og kvitta seg med våpna sine. Men lite har skjedd. Når stormaktene ikkje overheld forpliktingane sine er det ansvaret vårt, som nordmenn, medmenneske og verdsborgarar, å dytta dei tilbake i rett retning.

Noreg var tidlegare blant pådrivarane for atomnedrusting, og det som har vorte kalla det «humanitære initiativet». I 2013 vart den første konferansen om dei humanitære konsekvensane til atomvåpen arrangert i Oslo, der 127 land møtte. I løpet av fjoråret var det to store oppfølgingskonferansar i Mexico og Austerrike, og no har initiativet ført til det «Humanitære løftet», som over 100 land har slutta seg til. Gjennom dette løftet har dei forplikta seg til å jobba for å «stigmatisera, forby og avskaffa atomvåpen». Tanken er at gjennom å utvikla eit folkerettsleg forbod mot atomvåpen, på same måten som ein har gjort med alle andre masseøydeleggingsvåpen, vil ein leggja til rette for gjensidig nedrusting, og til slutt å kvitta seg med våpna fullt.

Noreg har derimot ikkje slutta seg til løftet, noko som vekker oppsikt internasjonalt. I vår fremja difor Venstre, SV og Senterpartiet eit forslag i Stortinget, noko som førde til at majoriteten av representantane gjekk inn for eit forbod. «Fleirtalet meiner at kampen for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen treng at fleire land påtar seg ei aktiv pådrivarrolle. Noreg bør vera blant desse landa», heiter det i utsegna frå Stortinget. Det er ei ansvarsfråskriving at Noreg ikkje påtar seg ansvar som ein pådrivar for eit forbod. Vi vil oppfordra Stortinget til å ikkje berre gjera alt dei må, men òg alt dei kan òg maktar i denne kampen.

Toshiki Fujimori overlevde bombinga av Hiroshima som barn. Ho kjem til Oslo denne veka for å møte norske politikarar og sivilsamfunn, og for å tale på markeringa på Youngstorget. Han, og dei andre «Hibakushaene» – japanske atombombeoverlevande – har ei klår oppfordring til den norske regjeringa: hjelp oss å forby atomvåpen. Og gjer det i levetida vår!

70 år er meir enn nok. Vi som er unge i dag ynskjer ikkje at også liva våre skal levast under den konstante trusselen frå atomvåpen. Vi ynskjer innfriing av rettar nedfelt i FN sine konvensjonar. Vi forventar at regjeringa følgjer opp meldinga frå dei folkevalde, og frå det store fleirtalet av nordmenn som ynskjer at Noreg skal gå føre i ein internasjonal prosess for eit forbod mot atomvåpen. FN sin generalsekretær oppfordrar til umiddelbar handling.
Vi vil ha handling føre store ord. Forby atomvåpen NO!

Ingrid Aspelund, leiar i Solidaritetsungdommen
Hanne Sofie Lindahl, leiar i Changemaker
Karoline Steen Nylander
, leiar i Press
Espen André Breivik, leiar i Røde kors ungdom

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE