Vask underlivet ditt utan såpe!

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har vore i stand til å overleva i titusenvis av generasjonar utan såpe og boblebad, så vi kan sjølvsagt saktens overleva utan å vaska oss. Alt knytta til den hyppige vaskinga no om dagen er jo i eigentleg ei heilt ny oppfinning som har kome med industrialiseringa. På 16-1700-talet lukta sjølv hoffet fælslegt, påpeikar professor og dermatolog Jørgen Serup, som har forska på korleis såpe påverkar huda.

Skyl forsiktig underlivet med varmt vann kvar dag når du har ein dusj eller eit bad. Om du har forhud, trekk han forsiktig tilbake og vask under.

Om du ikkje vaskar under forhuden på rett vis, kan eit osteaktig stoff som heiter smegma (sjå faktaboks), byrja å samla seg, enten på penis, som regel under forhuden, eller i vagina, som regel ved labia.

Dette kan lukta stramt og verte eit avlsmiljø for bakteriar. Det kan òg gjera området raudt og få penishovudet til å utvide seg.

– Det er verkeleg overraskande kor mange menn som ikkje vaskar under forhuden. Ikkje berre utviklar dei regelmessige komplikasjonar frå dårleg hygiene, men det er òg veldig fråstøtande for ein seksuell partnar, seier Patrick Fransk, ein konsulent i seksuell helse, til NHS.UK.

Ikkje gløym å reingjera botnen av penis og testiklane ettersom sveitte og hår saman kan gje ei sterk lukt, like ubehageleg som den frå armhulene.

Dette området treng hyppig vasking for å hindre sveitte frå å samla seg, særleg sidan det er stengt inne i undertøy det meste av dagen.

Skal ha det surt

– Om ein aldri vaskar seg, og det ligg att restar av tiss og avføring i underlivet, er det sjølvsagt ikkje helsemessig godt, men motsett er det òg mange som vaskar seg for mykje og ofte med såpar med feil pH-verdi, seier Charlotte Floridon, doktor og praktiserande gynekolog og leiar for DFKO i Danmark, til videnskap.dk.

Eit optimalt underliv skal vere surt, altså ha ein lågare pH-verdi enn 7, som er det vanleg vatn har.

Det sure miljøet er med til å regulera kva for bakteriar som vi har i underlivet.
Vi vil oppretthalda mangfaldet og bekjempa uvennlege bakteriar som kan føre til infeksjonar og illeluktande utflod.

Medan vanleg personleg hygiene er viktig, kan for mykje vask med såpe gjera deg sår. Om du får ein infeksjon, og difor ekstra lukt frå underlivet, er heller ikkje meir såpe ein særleg god idè. Å vaska underlivet ein gong dagleg med varmt vann er nok for dei fleste.

Om du vil bruka såpa, vel ei mild eller ikkje-parfymert såpa for å redusera irritert hud.
Det kan vera freistande å bruka talkum og deodorantar på underlivet, men dette kan skapa kløe og irritert hud. Har du problem med bakterieinfeksjonar, be legen din om antibiotika.

Kvinner skal ikkje vaska seg oppe i skjeden

Sjølve bakteriefloraen kan verta påverka ved bruk av såpe og uroe den naturlege balansen.
Det er vanskeleg for dei fleste kvinner å vaske seg oppe i skjeden, men det er ein del som prøvar likevel.

– Dei øydelegg altså den bakteriebalansen som er der inne, så om dei trudde at dei hadde problem før så får dei det i alle fall etter dette, fortel Thomas Larsen, leiande overlege ved Aalborg Universitetssjukehus og formann for DSOG i Danmark, til videnskap.dk.

Tørk deg på rett måte

For kvinner er det nemleg ikkje likegyldig kva for ei vei toalettpapir vert trekt etter ein tissetur.

Ein skal hugsa – òg sjølv om ein berre har tissa – at ein skal skubba attover, elles hender det at ein tørkar bakteriar frå endetarmsopninga inn i skjeden.

Kjelder: Wikipedia, Videnskap.dk, NHS.uk, dettol.co.in

Smegma

  • Frå det greske ordet σμήγμα, sebum, og på norsk kukost og/eller flensost er ei blanding av avskala, epiteliale celler, transsudate hudoljer, og fukt, som kan samlast opp under forhuda hos hannar og i vulva hos hoer.
  • Den har ei sterk og karakteristisk lukt.
  • Smegma kan som regel unngåast ved hjelp av god hygiene, men er eit naturleg smøremiddel som held kjønnsorganet fuktig.

Kjelde: Wikipedia.