Veit du om norsklærarar som utmerkjer seg? No kan du vera med å bidra til at gode norsklærarar blir sette pris på.

Kopinor ser no etter kandidatar blant norsklærarar som kan vera aktuelle for Kopinors pris for fabelaktig formidling. Kandidatane må inspirera og motivera omgjevnadene sine og ha vist kreativitet og pedagogiske evner åleine – og i tillegg vore med på å utvikla faget saman med andre.

Prisen som i år blir delt ut for fjerde gong på slutten av året, er på 150.000 kroner.

Oppdatert: fredag 6. oktober 2017 09.20

Kommentarar

ANNONSE