– Eg reagerte med vantru, seier lærer Marit Winnæss-Huseby frå Kampen skule i Oslo, til Dagsavisen. Det var ho som oppdaga oppgåva i norskboka for elevar frå 1.–4. klasse.
Aschehoug beklagar at boka, som er ei utgjeving frå 1980, er blitt trykt opp igjen utan at den er blitt redigert.
- LES OGSÅ: Lite homosex i skulebøkene
– Slike ord skal ikkje finnast i våre utgjevingar, og vi beklagar sterkt at vi har sleppt igjennom denne svært uheldige oppgåva, seier redaksjonsleiar Gro Schaathun i Aschehoug Undervisning.
Ho opplyser at det dei siste 37 åra er blitt selt litt over 20.000 eksemplar av boka. På 2000-talet har salet lege på nokre få hundre.
– Vi har no fjerna tittelen frå våre salskanalar – og tittelen er heller ikkje lenger å få kjøpt ved førespurnad til forlaget. Vi arbeider også med å spore opp eventuelle eksemplar i bokhandlar for å tilbakekalle desse, seier Schaathun.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Hevdar rasismen berre er fleipete sjargong