Teknologiske nyvinningar

Lars Mæhle
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Magasinett-lesaren med riktig godt minne, vil hugse at eg for ei tid tilbake gjorde meg ironisk på bekostning av folk som skreiv synsingar om teknologiske nyvinningar generelt – og om mobiltelefonar spesielt.

No sit eg der altså sjølv og hamrar laus på tastaturet. Om teknologiske nyvinningar. Om Framsteget. Men det går ikkje særleg bra, skal eg vere heilt ærleg. For word-programmet eg skriv på har ein autokorrektur-funksjon, enda ei slik teknologisk nyvinning som skal vere deg til hjelp.

Men så er saka den: Eg skriv jo på nynorsk, og dette autokorrektur-programmet taklar berre bokmål. Dermed markerer programmet nesten alle orda eg skriv med raudt, til dømes ordet ”nyvinningar”. Om eg skreiv ein feil, ville eg ikkje oppdage den, i alle fall ikkje ved hjelp av korrektur-programmet. Tvert imot. Viss eg skulle oppdage ein feil, ville det vere trass i autokorrektur-programmet, kor absurd det enn måtte lyde. Eit autokorrektur-program som hindrar deg i å finne feil. Verda går som nemnt framover.

Den datakyndige blant dykk fnys vel no. Slå av autokorrekturfunksjonen! seier de. Kjøp deg ei nynorsk ordliste og installer den på maskina di! seier de vidare.

Ja vel. Til dette vil eg svare. Punkt 1: Eg er dataidiot i ordets eigentlege meining. Eg veit ikkje opp ned på ei datamaskin (kva er forresten ned på ei datamaskin?), aller minst korleis eg skal slå av autokorrektur-funksjonen. Der fekk de den. Punkt 2: Skulle eg installere ei nynorsk ordliste, ville det sikkert følgje med ein brukarmanual på minst 50 sider. Og denne ville eg ikkje forstå, langt mindre takle reint psykisk. Denne operasjonen ville tatt knekken på meg. Heilt sikkert.

For slik er det blitt. Det vrimlar av teknologiske framsteg. Mobiltelefonar og PC-ar og nye nettløysingar og dippeduttar i alle fargar og fasongar sprett opp overalt rundt deg. Og dei får stadig nye funksjonar, stadig ny design, og dei får din mobiltelefon og PC og iPod, heile 3 år gamle modellar, til å framstå som maskiner frå steinalderen. Og for kvar nye funksjon som kjem, for kvar nye PC eller mobil du kjøper, følgjer det med brukarmanualar på minst 500 sider. Og dei er på toppen skrivne på eit språk du må ha omtrent 50 vekttal i informatikk for å skjøne bæra av. (For ikkje å snakke om kor søvndyssande kjedelege dei er.)

Problem knytte til teknologiske nyvinningar slår inn på arbeidsplassar òg. For: Alle firma med respekt for seg sjølve har eit datasystem. Eller kanskje sju forskjellige datasystem, til og med. Og alle firma med respekt for seg sjølve bytter ut datasystem minst kvart femte år. Dermed må dei også lære opp sine tilsette i det nye datasystemet, dei må hyre inn eit dusin datakonsulentar som kan lære bort – og skrive omfattande brukarmanualar til det nye datasystemet. Resultatet blir: I staden for å arbeide med det dei eigentleg skulle, må dagens arbeidarar i stadig større grad gå på datakurs – og lære seg nye datasystem. Dei må jobbe med korleis dei skal jobbe. Og dei arbeider så mykje med korleis dei skal jobbe at dei nesten ikkje får gjort det dei eigentleg skal gjere.

Tenk på det ein gong til: Rundt omkring i Noreg sit folk på jobben og les seg grøne på brukarmanualar og jobbar seg grøne med korleis dei skal jobbe. I staden for å jobbe. Det er ganske vittig, eigentleg. Og viss du har utdanna deg til datakonsulent eller brukarmanual-forfattar, da har du verkeleg skote gullfuglen. For da tener du meir enn kven det måtte vere. I alle fall mykje meir enn dei som jobbar med korleis dei skal jobbe.

Kort sagt: Verda skulle bli enklare, men blir tvert imot stadig vanskelegare med teknologiske nyvinningar. Det skulle vel hermed vere bevist. Og resultatet for deg personleg, er at du bruker stadig meir tid på å henge med, stadig meir tid på å lese brukarmanualar, på å kjempe mot raseriet ditt og alskens feilmeldingar på datamaskina di, på mobiltelefonen din – og på nettet – berre for å lære deg korleis verda skal bli enklare.

Nettet. Berre ordet. Nettet snører seg om deg, seier vi. No har du jammen hamna i nettet, seier vi. Nemleg. Der har du det. Har du først begitt deg i kast med den vedunderlege verdsveven – nettet – skal det litt til for å halde tritt. World Wide Web. Smak på ordet. Ganske omfattande og skummelt, ikkje sant? Men på eit eller anna tidspunkt må du gi opp å følgje med, det blir for mykje å halde styr på. Personleg gav eg opp omtrent på tida Facebook blei lansert. No blir det for mykje, tenkte eg. No må eg melde meg ut. Og det var det eg gjorde. Eg meldte meg ut og har vel til dags dato ikkje ein einaste ven på Facebook. Skjønt eg er ikkje sikker. Eg har jo ikkje vore inne på nettsida eingong. Eg har ikkje tid. Eg må bruke tida mi til noko fornuftig, å lese brukarmanualar til dømes.

Framsteget. Det kjem stadig lenger fram. Det er det som er tingen. Framsteget har kome så langt fram at du rett og slett ikkje når fram dit nokre gongar. I alle fall kan det kjennest slik. Og da har eg eingong ikkje snakka om når PC-ar, mobilar, nettet osv. krasjar. Når alt går i svart. Og du verkeleg ikkje får gjort nokon ting. Ikkje eingong jobba med korleis du skal jobbe. For vi er trass i alt blitt avhengige av dei teknologiske nyvinningane. Og vi vil ikkje bytte dei ut med noko gammalt skit. Ikkje for alt i verda.