Skikkelig svær i Japan

Frode Grytten
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg veit ikkje heilt korleis dei kastar terning i avisredaksjonane rundt omkring, verken inne i Akersgata eller andre stadar i verda. Og eg veit heller ikkje om det er heilt same type terning dei brukar alle saman. Men det er svært interessant og gledelig at ei pur ung jente frå Tromsø ikkje berre er like god, men faktisk fleire hakk betre enn ein veteran frå det digre USA.

Når det gjeld til dømes gjeld idrettsgreina langrenn kan ein lettare forstå at Norge gjør det rimelig bra, det er nesten bare nordmenn og eit par bloddopa finnar som satsar for fullt på å gå styggfort med plankar opp snøtunge bakkar.

Så derfor skulle vi ha all grunn til å vere stolte over at ei norsk russejente på bare 1,60 hevdar seg så godt i konkurranse med dei store. Ja, plateinnspeling er då ei grein som blir dyrka på brei internasjonal basis. Det finst neppe ein einaste nasjon som ikkje har plateartistar med eit seriøst opplegg for stort internasjonalt gjennombrot, ikkje minst har amerikanarane utmerka seg med mange og flinke folk i bransjen.
Hvis det no skulle vise seg at Lene Marlin likevel ikkje får eit slikt globalt gjennombrot som varsla, så finn vi det vanskelig å svelgje. For ho er altså pr i dag minst eit par hakk betre enn Tom Waits som for lengst har fått eit gjennombrot av den typen som heimlig platebransje og presse tørstar etter. Dersom Lene Marlin ikkje bryt gjennom slik Tom Waits altså har gjort allereie, trass at ho er langt betre enn han, så vil vi alle kunne utbryte med stor kraft: verda er ikkje rettferdig!

Sjølv fikk eg ein gong fire på terninga i ei tabloidavis. Eg trur det var for den siste novellesamlinga eg skreiv. Eg hugsar i alle fall at i same avis den same dagen fikk Sissel Kyrkjebø også fire på terningen for si plate. Eg veit nok at det ikkje er heilt bra å samanlikne kunstformar sånn direkte, men eg må innrømme at eg var både gledelig overraska og ikkje minst lykkelig over å havne i same klasse som Sissel.

Eg meiner, Sissel er jo ei stjerne. Ho har sunge i den internasjonale GP-finalen i fager bergensbunad, ho spelar inn plater saman med karane i The Chieftains, ho har nesten vore om bord på “Titanic”, ho er gift med ein dansk komikar, ho rasar hit og dit i svære jetfly som sikkert har både James Bond-filmar og vinservering midt på dagen.

Og kven er det liksom eg trur eg er, kva er det eg har drive det til her livet? Eg har ete nokre raude druer med Leonard Cohen, eg har blitt erklært uønska på Husnes, eg er blitt sensurert av leiaren for rådet i Verdikommisjonen.

Det er ikkje all verda, det er ikkje mykje å slå i IKEA-bordet med, eg innser det, så det var utvilsamt eit slags høgdepunkt i karriera å bli klassifisert på same nivå som heile Norges Sissel.

Likevel vil det nok for dei fleste som hamnar i ein slik situasjon melde seg ein nagande tvil: er eg så god som dei augene på terningen kan tyde på? Kan eg vere like bra som den sukessrike Sissel?

Ja, like bra som Tom Waits for den del. Sjølvsagt har eg ein heil del å gå på når eg får fire på terningen. Det er ikkje fullkoment, det er ikkje perfekt, det er ikkje genialt, det er ikkje meisterlig, det er ikkje Lene Marlin.

Eg er meir som Jan Petersen. Etter landsmøtet i Høgre ser eg at også Jan Petersen ligg jamnt på firar’ar i avisene. For det er ikkje bare plate- og bokmeldarane som i dag har utstyrt seg med terningar, det har også dei politiske kommentatorane, sportsjournalistane, vinsmakarane, biltestarane, dataspaltistane, krigskorrespondentane og kriminalreferentane.

Og eks-naboen min. Han fortalte meg ein gong eg trefte han ute på byen at han hadde laga ei liste over alle jentene han hadde vore saman med. Han hadde nettopp fått seg datamaskina og smelte alle jentene inn på harddisken. Namn, adresse, hårfarge og terningkast.

Han var kanskje litt full då han sa dette, men det var ikkje tvil: dette hadde han sett i kubistisk system. Eg tenkte på ranglista hans ein dag eg såg naboen komme gåande gjennom tunet med eks-kona. Var ho ein tre’ar? Ein firar?

Var ho på nivå med Jan Petersen, Tom Waits, Sissel og meg?

Vi som er gode, men som kanskje manglar det vesle ekstra?

Men heldigvis manglar vi ikkje så mykje som “Grease II”, som ifølgje avisene har så klare svake sider at filmen ikkje er meir verdt enn to terningauge, altså bare halvparten så god som Tom Waits og eg.

Avisene er i det heile veldig flinke til å hjelpe oss med å velgje ut filmar som vi bør sjå på fjernsyn. Eg blir likevel sitjande og lure på kven som har kasta terning for dei verkelig gamle filmane, sånne som blei produserte før dei for alvor tok til med denne energiske terningkastinga i redaksjonane. Kven er det til dømes som i ettertid har funne ut at Hitchcocks “North by Northwest” er verdt ein seksar, altså heilt der oppe saman med Lene Marlin?

Det er ikkje det at eg er ueinig eller noko slikt. Men eg bare lurar på dette: kven er det som ser gjennom desse filmane på nytt? Og får til dømes nyare filmar av typen “Grease II” (frå 1982) ein ny sjanse? For historia viser jo at mange kunstverk først blir forstått fullt ut i ettertid.

Kanskje er det sånn at “Grease II” med Michelle Pfeiffer som leiaren for “Pink Ladies”, er så kunstnarleg krevjande at det rett og slett blir vanskelig for terningkastarane å ta alt inn over seg med ein gong?

Eller sagt på ein annan måte: sit det revisjonistiske terningkastarar ein eller annan stad i redaksjonane? Sånne som går over terningkasta med nytt og fordomsfritt blikk? Dei seier jo at historia må skrivast om og om igjen, og må ikkje det gjelde terningkasta også? Dei kan ikkje bare bli ståande der som evige prikkar, tidlause karakterbøker over dumskap eller klokskap, men må gjerne bli sett i stadig nytt lys.

Og betyr det at Tom Waits og eg kanskje får ein ny sjanse om nokre år?

Kanskje blir eg då betre enn Sissel?

Muligens blir eg redusert til ein trear eller til Michelle Pfeiffer i “Grease II”.

Men då har eg altså ein snedig plan i ermet. Eg gjør som Lene Merlin. VG kan no fortelje at ho no er i ferd med å gjøre det stort i Japan.

Ho har mellom anna blitt intervjua av den orientalske tv-kjendisen Yuko Hamano. Ho har vore på FM Kagawa, gjort syndikat-intervju, fått gode råd med på vegen frå Alanis Morissette (fem på terningen) og ete middag (seks på terningen) med bossane i Virgin Records Japan.

Så viss mi neste bok floppar kommande bokhaust, så skal eg svare: Jo, det er rett det at eg bare har selt 200 eksemplarer, men eg er skikkelig svær i Japan.

Eller som min med-firar Tom Waits seier det:

I got the style but not the grace
I got the clothes but not the face
I got the bread but not the butter
I got the winda but not the shutter
But I’m big in Japan I’m big in Japan But heh I’m big in Japan.