Venstre-nestleiar meiner fall i distrikta kjem av Frp-samarbeid

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp-samarbeidet er éi av to hovudforklaringar på tilbakegangen i distrikta, meiner Breivik.

– Senterpartiet klarte å overtyde folk om at dei har ein betre distriktspolitikk. Eg får også mange tilbakemeldingar om at folk er skeptiske til Frp-samarbeidet, seier han til Nationen.

Han vil ikkje seie kva han meiner om framtidig Frp-samarbeid.

LES OGSÅ: Venstre ser mot høgre

I førre stortingsperiode hadde partiet fire representantar frå Vestlandet. Dei neste fire åra må nestleiar Terje Breivik frå Hordaland representere regionen åleine. I Breiviks heimbygd Ulvik vart Venstre halvert, og enda med 10 prosent av stemmene.

Venstre gjekk tilbake i alle fylke unntatt Oslo, Akershus og Finnmark. Tilbakegangen er størst i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag.

LES OGSÅ: Overlevar ikkje fire år til med Listhaug