Reiselysta til nordmenn er ein trussel for Noregs klimamål
Gjennomsnittsnordmannen reiser 2 millionar kilometer gjennom livet, viser ein ny rapport frå FIVH. Utviklinga står i sterk kontrast til klimamåla.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
2 millionar kilometer svarar til 4.000 turar fram og tilbake mellom Oslo og Trondheim. 52 prosent av reiseverksemda skjer med bil, 37 prosent med fly.
– Det er openbert at det trengst ein pakke av verkemiddel for å oppnå dei klimakutta som trengst i transportsektoren, seier Anja Bakken Riis, leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender (FIVH), til Dagsavisen.
Ifølgje organisasjonen vil ikkje Noreg klare å innfri sine internasjonale forpliktingar og redusere klimagassutsleppa med 40 prosent dei neste tolv åra, ved å halde fram med den politiske kursen som er i dag.
– Når det gjeld flytrafikken, ser vi at det skjer ei positiv teknologiutvikling blant anna på elfly. Men Avinor planlegg å meir enn doble utanlandstrafikken innan 2040, utan å ha på plass løysingar som lar veksten skje på ein berekraftig måte, seier Riis.
Ho strekar under at nordmenn allereie per dags dato flyr ti gonger så mykje som ein gjennomsnittleg europear.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Rotevatn skremd av bresmeltinga