Dramatisk før folkerøystinga om sjølvstende i Catalonia

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa i Spania motset seg ei katalansk folkerøysting om sjølvstende og held fast på at den spanske grunnlova ikkje gjev høve til avstemming om sjølvstende av noko spansk region. Dei hevdar òg at det er ulovleg å arrangere folkerøystingar utan samtykke frå parlamentet i Madrid.

Dette førte meir enn 700 ordførarar frå Catalonia saman i Barcelona i helga for å visa styrke før sjølvstendesterøystinga 1. oktober. Både ordførarane og parlamentsmedlemma som skreiv under på forslaget om folkerøysting har vorte meld til politiet, og den regionale politistyrken i Catalonia har vorte pålagd å arrestere dei, altså utføra ordrar frå Madrid i deira eigen region som går imot det deira eigne lokale styresmakter pålegg dei. Det spanske politiet inndrog sundag 1,3 millionar pamflettar som støtta sjølvstende, melder EU Observer.

Om ja-sida vinn har dei regionale styresmaktene i Catalonia lova å erklæra sjølvstende innan 48 timar og å starte å byggja opp ein suveren stat straks.

LES OGSÅ: Språk, fotball og fridomsstrev i Catalonia

EU tek ikkje side

– Kommisjonen har tradisjonelt ikkje delteke i interne interne debattar i medlemslanda, sjølv om desse er akseptable og aksepterte demokratiske debattar. Vi vil vera oppmerksame på og respektera dei avgjerdene den spanske forfatningsdomstolen og det spanske parlamentet fattar, seier presidenten i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker til Euronews. Han held fram:

– Men det er klart at om det skulle verte eit «ja» til katalansk sjølvstende – om dette skulle hende – vil vi respektera det valet. Men Catalonia vil ikkje kunna verta EU-medlem dagen etter ei slik avstemming. Catalonia må følgja dei same prosedyrene for å tre inn som medlemslanda som vart med i 2004.

Kommisjonen er verge for EU-traktatane. Om Kommisjonen skulle «respektera» eit resultat som er for sjølvstende, kan dette tyda at EU-lovene ikkje lenger ville gjelda for ein slik ny stat. Dette ville sikkert oppromme den spanske regjeringa som utvilsamt ville ha halda fram i å hevda at folkerøystinga var i strid med Grunnlova.

Kan gå begge vegar

Dei siste meiningsmålingene gjev ikkje noko eintydig klart svar på kva resultatet vil bli, men om ein berre spør dei som veit heilt sikkert at dei kjem til å stemme, er svaret klarare, då vil 7 av 10 stemme ja til sjølvstende.

Tek ein med alle katalanarar som kan kome til å stemme er det langt meir uklart, det er minst 4 av 10 på begge sider av alle slike målingar, og mange er usikre på kva dei skal velje.

Stille majoritet

Trass i mange svært store demonstrasjonar for sjølvstende er det lite å høyre frå den andre sida, som i følgje meiningsmålingar har omlag like mange tilhengjarar.

Miguel Aguilar, ein forleggjar i Barcelona som opphavleg er frå Madrid, seier til El Pais at det er fleire grunnar til at dei som er kritiske til sjølvstende ikkje seier mykje offentleg.

– Vi er ikkje like samla som gruppe som dei som vil ha sjølvstende, og kampen mot sjølvstende er heller ikkje det einaste vi gjer i liva våre. Vi snakkar om eit stille fleirtal mot ein sterk og synleg minoritet som er veldig godt organisert og veldig godt subsidiert. Vi har ikkje eit enkelt svar for å løysa problema våre, men dei har: sjølvstende.

Sjølvstende i Catalonia

  • Den regionale regjeringa i Catalonia har bestemt at det skal vere ei bindande folkerøysting om katalansk sjølvstende 1. oktober 2017
  • Folkerøystinga vart suspendert av den konstitusjonelle domstolen i Spania. men den katalanske regjeringa seier at rettsordren ikkje er gyldig for Catalonia.
  • Så langt har 750 av 948 kommunar i Catalonia støtta folkerøystinga, inkludert Barcelona.
  • Kjelde: Wikipedia.