Difor syng ikkje dei spanske spelarane nasjonalsongen

Visste du at Spania er eit av få land som ikkje har tekst til nasjonalsongen sin?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

I kveld speler Spania semifinale i EM mot Frankrike.

Den spanske EM-troppen består av store internasjonale stjerner som PSG-spelar Fabián Ruiz og Chelsea-spelar Marc Cucurella, og stjerneskotet Lamine Yamal, 16-åringen som vart historisk som tidenes yngste spelar i eit europameisterskap i fotball for menn.

Men når det spanske landslaget står klare på banen framfor millionar av sjåarar verda over og høyrer nasjonalsongen sin bli spelt, er dei heilt stille.

Arven etter Franco

Marcha Granadera eller Marcha Real, som den spanske nasjonalsongen heiter, er nemleg ein av få nasjonalsongar som ikkje har tekst.

Andre land som ikkje har offisiell tekst er Bosnia-Hercegovina, Kosovo og San Marino, men både Bosnia-Hercegovina og San Marino har ei uoffisiell tekst som vert nytta.

Òg den spanske nasjonalsongen har hatt tekst i enkelte periodar, som under regimet til Francisco Franco som varte frå 1939 til 1975.

Kongemarsjen, som er den norske omsettinga, er ein av dei eldste i Europa, og kan sporast heilt tilbake til 1761. Under den andre spanske republikken (1935–1939) hadde Spania ein annan nasjonalsong, men Franco innførte Marcha Granadera att i 1939.

Ny versjon

Då Spania vart eit demokrati og ei ny grunnlov i 1978 vart det spesifisert at Marcha Real er nasjonalsongen, utan teksta som tidlegare var brukt.

Her kan du høyra den spanske nasjonalsongen: