– La fitta vere fitte

Malin Langøy Aarbø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I oktober publiserte Pernille Nylehn, lege ved Gynekologisk avdeling på Haugesund sjukehus, ein kronikk i Aftenposten der ho tar opp dei juridiske og etiske utfordringane knytt til vestleg intimkirurgi. Ifølgje kronikken er det stadig fleire kvinner som er misfornøgd med underlivet sitt og som etterspør kirurgisk forbetring av ulike slag.

Kronikken har blitt vidareført av mellom anna sosiolog Helga Eggebø i NRK Ytring. Ho peikar på at kvinner må slutta å framstillast som seksuelle objekt for andre sine auge, og at det heller bør fokuserast på kroppsleg funksjon framfor estetikk.

Parallelt med dette offentleggjorde Washington Post ein mykje omtala video av Donald Trump for nokre veker sidan. Den komande amerikanske presidenten skal ha kome med følgjande utsegn om kvinner i baksetet på ein bil i 2005: «Grab them by their pussy. You can do anything.» Sjefen sjølv har i etterkant forklart at dette var ein fortruleg samtale mellom to mannfolk meint for den private sfære.Resultatet blei ein heftig debatt om feminisme, mannssjåvinisme og kjønnsdiskriminering.

Dette er berre eit par aktuelle eksempel på korleis kvinner sitt underliv («fitta, slufsa, mus») kan ha ein tilsynelatande samfunnsmessig betydning utover sin eigne verdi. Men er det verkeleg greitt å tileigna moralske, politiske og kommersielle haldningar til ein kroppsdel?

Nei, det syns eg ikkje.

LES OGSÅ: Den vanskelege jentetissen 

Litt for mykje fittesnakk
I dagens selfie-samfunn er det ikkje rart at folk er litt i overkant bevisst på utsjånaden sin. Deling av bilete gjer det enkelt å samanlikna med kvarandre. Potensielle moglegheiter for feilsending fører til paranoia og perfeksjonisme. Med litt datakunnskapar er det heller ikkje vanskeleg å retusjera vekk eventuelle skavankar. Kven veit – snart dukkar det kanskje opp eit fittefilter på Instagram. Dette må då kunne betra sjølvtilliten blant ungdom betrakteleg, og er definitivt eit mindre risikofylt inngrep enn intimkirurgi.

Uansett. Det er lite research som skal til for å skjøna at fitta i seg sjølv er utgangspunkt for ein skjønnhetisdebatt. Piercing og tatovering er visstnok blitt stadig meir populært som dekor enn tidlegare. Ulike hårfasongar og fargar er "in", avhengig av årstid. Til og med vaginal cleansing står som toppval blant mange amerikanske kvinner for tida. Tanken er at den må reinsast på ein heilt spesiell måte, som om den frå naturen si side av er skitten og avvikande.

Debatten er altså open som aldri før. Og ærleg talt er eg på veg til å bli fint lei av heile opplegget. Aldri har eg følt meg så usikker og bevisst på mi eiga fitta som no.

For all del. Det er kjempebra at ekspertane tar sikte på å drøfta ein viktig diskusjon om kirurgi og juridiske gråsoner. Dette er vesentleg for vidareutvikling av medisin og etikk, både i forhold til press om kommersialisering av legeindustrien og i forhold til ny teknologi på marknaden. Debattantane har min fulle respekt for sine bidrag på området.

Problemet er at det fort kan bli litt for mykje fittesnakk. Rett og slett.

Av alle kvinner og menn som vurderer å ty til intimkirurgi, må me huska på at for minst like mange er det totalt uaktuelt. Eit underliv er ikkje noko som ein tenkjer på eller reflekterer over til dagleg. Derfor blir det litt absurd, og nesten ubehageleg, å stå utanfor og lytta til denne debatten. Ikkje fordi det er tabu. Men fordi det nettopp er ein del av kroppen vår og privatlivet vårt. Kvifor skal det då gjerast om til ein offentleg nyheitssak?

LES OGSÅ: Klitoris er toppen av eit isfjell 

Ein politikk utan fitta
Særleg utfordrande blir det når useriøse aktørar tar i bruk ord og uttrykk om underliv for å framheva politiske synspunkt. Trump sitt svært så frodige utsegn vil av mange bli tolka som eit rykk ned for debatten om valdtekt og gamle kjønnsroller – og det med god grunn.

Merkeleg nok har ordet fitta blitt einstydande med svake kvinner som er undertrykt menn. Ordet er blitt brukt som eit skjellsord. Som eit internt humorord blant menn medan dei slår seg sjølv på brystet. Og i nokre tilfelle, som eit ord kvinner brukar om menn for å beskriva feighet og «kjerringoppførsel».

På motsett side finn du typisk feministiske parolebanner på kvinnedagen, der fitte-ordet plutseleg blir tildelt ei heilt anna meining. «Alle fitter er fine», «Stolte fitter» eller «Fitter må stå saman» er døme på utsegn som symboliserer likestilling. Bodskapen er bra, den. Symbolbruken derimot, hm, der er eg veldig usikker.

Er det mogleg å halda dei vakre fittene våre utanfor politikken?

Mitt poeng er som følger: Ei fitte kan og bør aldri bli eit symbol på skjønnhet, identitet, seksuell undertrykking eller kjønnsfordommar. Ei fitte bør aldri kunne tilleggast politiske verdiar som er open for debatt. Og ein så naturleg og privat kroppsdel som ei fitte faktisk er, bør aldri bli opphøgd til eit offentleg populærfenomen, som så mykje anna.

Ver så snill. La fitta vera fitte.

LES OGSÅ: Alle fitter er like fine