Når vulva slår seg vrang

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2015 kom Sjarmen med tarmen, i haust kom Hjernen er stjernen, og no altså Gleden med skjeden. Felles for dei tre prosjekta, utover ein fengjande tittel som berre viser til delar av innhaldet i boka, er eit ønske om å gjere ny kunnskap om kroppen tilgjengeleg for folk flest.

Dei to forfattarane studerer medisin ved Universitet i Oslo, og starta bloggen Underlivet vinteren for to år sidan. Prosjektet følgjer den danske boka Kvinde kend din kropp, utgitt første gong i 1975, sist revidert i 2013.

Å gi kvinner i alle aldrar all kunnskapen dei ikkje fekk gjennom seksualundervisninga på skulen er eit ambisiøst prosjekt. Dei to forfattarane lukkast i stor grad, sjølv om resultatet i periodar verkar som to ulike bøker mellom same perm: Ja til samtykkande sex, og pass deg når du utforskar underlivet.

LES OGSÅEr intimkirurgi eigentleg så farleg?

Bli venn med vulva
Det er undertittelen som er mest dekkande for innhaldet i boka (alt du treng å vite om underlivet), for rett etter oppfordringa til å stå naken framføre spegelen får vi vite at skjeden berre er ein liten del av underlivet.

Heller ikkje vagina er eit dekkjande ord (for vagina er det same som skjede). Vulva, heiter det, «kvinnens fantastiske kjønnsorgan».

Ein kan forstå at forlaget ikkje satsa på «bli venn med vulva» som boktittel, men første del av boka er nettopp det, ein invitasjon til å bli kjent med sin eigen kropp: «Skjeden er et smalt muskelrør på syv til ti centimeter som leder fra vulva og opp til livmoren.»

Forspel
Forfattarane har målgruppa klart føre seg. «Til alle damene der ute som er usikre på om de fungerer som de skal, om de ser ut som de skal og om de føler som de skal», skriv dei i forordet (kalt eit «forspill»).

For å nå lesaren vekslar Brochmann og Dahl mellom medisinsk kunnskap, erfaringar frå eigen veninnegjeng, observasjonar frå eit ungdommeleg «vi» og oppfordringar til ein «du»-lesar som for å få mest ut at boka bør vere utstyrt med ein skjede å glede seg over.

«Musklene rundt skjeden er sterke, noe du kan merke ved å stikke en finger opp i skjeden og så klemme til rundt den.»

Språket er i stor grad inspirert av eit lett, personleg og kvardagsleg blogg-format. Samtidig møter også desse forfattarane den svært vanskelege utfordringa for populærvitskap: alt fagstoffet må med, og alle dei vanskelege orda må stå i kursiv. Av og til vert det litt for mange tekniske forklaringar samla på ei side.

Myteknusing
Forfattarane tek seg tid til å gi mytene ein skikkeleg omgang med fakta, og parkerer førestillingar om jomfruhinna, spontanabort, vaksiner, farane med prevensjon, og vandrehistoria om kvinners synkrone mensturasjonssyklus.

Teksten låner frå seksualundervisninga sitt mantra om at det er heilt normalt: «Friske jenter som har kommet i puberteten, har utflod i trusa. Hver eneste dag.»

I myteknusinga gir også boka eit spark til mansplaining (når menn forklarar ting fordi dei trur kvinner er dumme eller uvitande), samt eit spark til patriarkatet.

Om jomfruhinna får vi nemleg lese at: «Det kan nesten virke som om menn på tvers av kulturer, og på ulike historiske tidspunkter, har stukket hodene sammen og lett etter metoder for å kontrollere og begrense kvinnens seksualitet og mulighet til å bestemme over sin egen kropp.»

LES OGSÅKlitoris er toppen av eit isfjell

Det enkle er ofte det morsomaste
Tegnehanne sin særeigne strek snakkar godt med teksten, og unngår å tilføre boka meir av det lærebok-aktige preget. I andre halvdel av boka vert det diverre langt mellom teikningane hennar.

Om lag på side 50 tek den fornøyelege gleden med skjeden ein pause. Det neste kapitlet meskar seg istaden med blod, gørr, lukt, henvisning til lege og innføring i forsking på PMS og hormonsyklane som styrer kvinnekroppen. Lesaren anar at vulva ikkje berre er fryd og gammen. Og verre skal det bli (men først etter den morosame sexen).

Ja til sex
Forfattarane hentar (heldigvis) fram att den sexpositive og muntlege fortellarstilen i kapittelet om sex. Dei krydrar teksten generøst med referansar til Kardemommeloven, Kjetil Jansrud, Hobbiten, Paradise Hotel og Girls. “Prøv deg frem” med utropsteikn er pålagt i ei bok av denne typen.

Utan skam eller ironi skriv forfattarane om sex for første gong, korleis det går med sexlivet når vi vert vaksne, og korleis snakke om kropp med sexpartnaren sin. Eit eksempel: «Når man utfører misjonærstillingen, ligger du (jenta) på ryggen mens gutten ligger mellom bena dine, slik at dere får bryst og mage vendt mot hverandre.»

Det meste av analsex føregår også mellom heterofile par, så det er ikkje overraskande at forfattarane følgjer opp med «sex 201», sex for vidarekomne. (Kortversjonen av korleis ha analsex: slapp av, hugs glidemiddel, ikkje gå for fort fram, og sei stopp om noko kjennes gale).

Teksten er inkluderande, avslappa og upretensiøs, med rom for variasjon i kjensler, kropp og lyster hos lesaren. Brochmann og Dahl er entusiastiske på lesaren sine vegne, særleg til den moderne kvinna si tilnærming til kropp og seksualitet. «Damer har tatt eierskap over sex. Det er kult å være kåt, kult å vite hva man vil ha.»

LES INNLEGGET– La fitta vere fitte

Når vulva slår seg vrang
«Sex er gøy, men som med andre morsomme ting er det en risiko med i bildet,» får vi lese.

Det er nemleg ikkje sikkert at du får orgasme. Du kan risikere å bli ufrivillig gravid. Og kanskje får du ein infeksjon som klør, luktar og svir.

Om lag halvvegs i boka er moroa definitivt over. Her vert Gleden med skjeden først eit oppslagsverk over alle prevensjonsmidla som startar med stor P og bindestrek (pille, plaster, ring, sprøyte og stav), så ein kondomguide, ein oversikt over nødprevensjon, tips til korleis hoppe over mensen og til slutt korleis velje rett prevensjonsmiddel.

Det er, som forfattarane sjølv innrømmer, «bokas viktigste og tørreste del». Det er også den nest lengste delen, berre slått av den påfølgande katastrofeoversikten, lista over alt som kan gå gale i underlivet.

Det er tydeleg at forfattarane er medisinstudentar, og at dei tek samfunnsoppdraget sitt på alvor. Spørsmålet om hormonprevensjon kan vere farleg får til dømes eit langsvar på nærare 25 sider, før forfattarane avsluttar med ein subjektiv konklusjon: «Og sex vil vi jo ha.»

Utfordringa er at det er eit stykke mellom lovnaden i tittelen (gled deg, du som har ein skjede) og store delar av innhaldet (utvida leksikon for underlivsinfeksjonar)

Boka balanserer mellom ein pedagogisk og belærande stil, med fraser «som du nå vet/skal se/har lært». Grunna oppbygginga med all moroa i starten og alt det kjipe til slutt, vert det også ein del repetisjon av tema (endometriet / endometriose er til dømes nemnt over 70 gangar, fordelt over dei 300 sidene).

To bøker i ein
At boka både prøver å vere ein sex-positiv guide for moderne kvinner, og samtidig kamuflere eit oppslagsverk med faktainformasjon om biverknader ved kombinasjon av ulike prevensjonsmiddel, er utfordrande for lesaren.

Menn er diverre fråverande som potensielle lesarar i Brochmann og Dahl sitt folkeopplysningsprosjekt. Fødsel (når 50 centimeter menneske skal trykkast ut gjennom skjeden) hoppar dei galant over, sjølv om det både hadde passa under gledene og vredene med skjeden.

Gleden med skjeden er likevel ei engasjerande og viktig bok. Den skildrar både glede, kvardag og utfordringar med det å vere menneske.

Sånn er (under)livet.


Åsmund H. Eikenes er journalist i Framtida.no, cellebiolog og sakprosaforfattar.

Les meir om underlivet, bakteriar, hender og hjernen. Eller kanskje du er interessert i teknologi som får deg til å tenke? Les meir om #TENKOLOGI

Faktaboks

BOKMELDING

Gleden med skjeden. Alt du trenger å vite om underlivet
Av: Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl

Illustrasjonar: Tegnehanne

Aschehoug forlag

331 sider