Kunstnaren Sophia Wallace vil fortelje deg sanninga om klitoris.

Tora Hope
Tora Hope

«Klitoris er ikkje ein knapp. Den er eit isfjell.»

«Sei sanninga. Kvinner vil aldri bli likestilte med menn, så lenge dei har dårleg sex og lyg om det.»

«Kvar er dei arkitektoniske monumenta av klitoris?»

«Jorda er ikkje universets sentrum og penis er ikkje seksualitetens akse.»

LES OGSÅ: Du kan kalla meg kvinne

Paradoks
Sitata er henta frå kunstprosjektet CLITERACY, 100 Natural Laws. Kunstnar Sophia Wallace vil auke kunnskapen om klitoris, og utfordre førestillinga om kvinnekroppen som ein passiv mottakar.

Wallace meiner kvinneleg seksualitet er fanga i eit paradoks:

– På den eine sida er kvinnekroppen den dominerande metaforen for seksualitet, som gjennomsyrer både reklame, kunst og alminnelege erotiske førestillingar. Samstundes er klitoris, det verkelege seksuelle organet til kvinna, nærast usynleg, sa den New York-baserte kunstnaren til Creem Magazine tidlegare i år.

LES OGSÅ:  – Me kan spørje oss om me har gått for langt

Toppen av eit isfjell
Ifølgje Wallace er verda analfabetisk, eller illiterate, om klitoris. Eit av måla med prosjektet er å auke kunnskapen om det kvinnelege kjønnsorganet – og gjere verda cliterate.

– Vitskapen har motsett seg ideen om ein autonom kvinnekropp. Det som vert studert er det som stadfestar trua på at kvinna sin anatomi er ein omvend mannleg anatomi. Reproduksjon har vore verdt å studere, kvinneleg seksualitet har ikkje, skriv Wallace på heimesida til prosjektet.

Først i 1998 vart det oppdaga at klitoris er mykje større og meir kompleks enn ein først trudde. Det vi tenkjer på som klitoris, er altså berre toppen av eit isfjell.

– Dei siste ti åra har det vore enorme vitskaplege gjennombrot i forståing av klitoris, men det er sjokkerande at den vitskaplege oppdaginga av klitoris ikkje har skjedd tidlegare, seier kunstnaren til The Huffington Post.

Saka fortset under biletet.


Kunstnar Sophia Wallace har laga hundre naturlover om klitoris, samla i kunstverket CLITERACY. Foto: www.sophiawallace.com. 

– Konservative om kvinner
Guri Idsø Viken er skribent, kommunikasjonsrådgjevar og litteraturvitar. Ho er ein av hjernane bak Magnhilds antiblogg og ein av forfattarane bak boka Magnhild, ein roman om «sex, fyll og offentleg forvaltning». Idsø Viken er begeistra for ideen om cliteracy.

– Dette er eit veldig bra prosjekt. Vi snakkar mykje om kvinneleg seksualitet frå eit mannleg perspektiv. Det er ikkje til å komme unna at menn i stor grad har fått definere kvinneleg seksualitet mellom anna gjennom porno, seier ho.

Ho meiner vi er framleis er konservative når det gjeld kvinner og sex.

– Sjå for deg ein kvinneleg versjon av skrukke-stuntet til Harald Eia. Folk er glade i å vise fram penis offentleg, men hadde det komme ei kvinne og gjort det same hadde det blitt ramaskrik. Medan mannen vert oppfatta som kul, vert kvinna vulgær.

 Idsø Viken har sjølv kjent på å bli oppfatta som vulgær.

– Ein bryt med forventingar i samfunnet når ein snakkar om kvinneleg seksualitet på denne måten. Det er venta at ein skal vere meir ordentleg og forsiktig som kvinne. Snakkar vi om vårt kjønnsliv blir vi fort oppfatta som vulgære og useriøse. Det er ganske rart eigentleg, dei fleste av oss er jo svært opptatt av seksualitet, seier ho, og legg til:

– I tillegg kan vi for lite om vårt eige underliv. Dei representasjonane ein faktisk ser av kvinneleg underliv er nyvoksa og retusjerte.

Saka fortset under biletet.


Sophia Wallace vil auke kunnskapen om klitoris, og utfordre det ho meiner er eit paradoks om kvinneleg seksualitet. Foto: www.sophiawallace.com.

LES OGSÅ: – Unge trakasserer kvarandre for å få sex

Orgasmar og demokrati
«Ein kan måle fridommen i eit samfunn på fordelinga av orgasmar» er eit av sitata frå CLITERACY. Prosjektet handlar ikkje berre om å auke kunnskapen om klitoris. Det handlar også om borgarskap og menneskerettar.

Ifølgje Wallace er det ikkje berre sjokkerande at vi inntil nyleg visste så lite om klitoris. Det er også eit symptom på eit endå større problem.

– Vår kultur definerer det kvinnelege som mindreverdig og kvinnelege kjønnsorgan som tabu. Denne konstruksjonen er basert på falsk informasjon og eit større mål om kontroll, heiter det på heimesida til kunstnaren.

Idsø Viken er einig i Wallace si tolking. Ho meiner det finst mange myter om kvinneleg seksualitet.

– Det er veldig interessant. Ei myte er at målet med kvinner sin seksualitet er reproduksjon, medan målet for mannen er tilfredsstilling.

Etter at ho gifta seg, opplevde ho at denne myten vart endå tydelegare.

– Mange tenker at gifte kvinner misser interessa for sex. Det er berre single som får spørsmål om dei har hatt seg sidan sist. Vi ser føre oss at den gifte kvinna knip beina saman, medan mannen held på å sprenge i buksa og har det så tøft.

– Er det berre menn som treng å blir meir cliterate?

– Nei, vel så mykje kvinner. Vi manglar kunnskap om oss sjølve og i tillegg kan vi vere ganske uærlege. Vi er ikkje redde for å prate, men vi latar ofte som. Då held vi mytene oppe.  

Treng språk
For å bli meir cliterate er språket viktig, meiner Idsø Viken. I juli etterlyste ho språk for å snakke om kvinnelege kjønnsorgan, i eit forsøk på å svare på spørsmålet «kva kallar ein eigentleg fitte med eit litt finare ord?».

– Har du sett noko meir til eit slikt språk?

– Nei, eg har ikkje det. Vi treng verkeleg eit språk om underlivet som ikkje kjenst så tilgjort eller klinisk. Det einaste vi har er eit ord som vert oppfatta som eit skjellsord og kjenst vulgært å bruke.

LES OGSÅ: – Større aksept for sexleketøy

LES OGSÅ: Hett på nett

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE