Maria (17): – Viktig å ta vare på nynorsken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 30.09.2017 19:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg elskar ungar og eg elskar bøker, så dette var veldig kjekt, seier Maria Rye til Framtida.no.

Maria Rye las boka «Det er ein elefant i barnehagen» av Bjørn T. Bøe.

Saman med to andre i ungdomsrådet har ho lese i tre barnehagar i samband med Nynorskdagane i kommunen.

– Eg las boka Det er ein elefant i barnehagen. Dei likte boka veldig godt. Det merka eg fordi dei byrja å leita etter elefanten då me var ferdige og dei gjekk ut for å leika.

– Kva tenkjer du om å ta vare på nynorsken?

– Eg synest det er veldig viktig å vare nynorsken, og på historia til Noreg. Nynorsken er ein viktig del av språkhistoria vår, seier Maria Rye, som til vanleg går på Austrheim vidaregåande skule på barne- og ungdomsarbeidarlinja.

Fullteikna bloggseminar

Det er første gong Nynorskdagane blir arrangert i Radøy i Nordhordland. I 2014 blei Radøy kåra til både Årets ungdomskommune og Årets nynorskkommune. Prispengane som kommunen fekk som Årets nynorskkommune går til ei rad forskjellige arrangement i år, og på Nynorskdagane som skal arrangerast i 2019.

Onsdag kveld kom Mariell Øyre, dama bak verdas største nynorskblogg; Hjartesmil, for å halda bloggseminar på Ungdommens hus. Ni ungdommar fekk mykje inspirasjon til å laga eigne bloggar.

Les intervju med Mariell Øyre her!

Mariell Øyre (ved enden av bordet) heldt bloggkurs for ungdom. Foto: Katarina Birkeland

Konsertar, føredrag og førestillingar

Tysdag var det opningskonsert med Tom Roger Aadland, som er kjent for dei mange nynorske gjendiktigane sine av songane til Bob Dylan.

I barneskulane har det vore framsyning rundt Vegard Markhus si biletbok Ei kjedeleg bok og teaterstykket Lykkeliten på jakt etter lukka av Marianne Løseth og Teaterkompaniet Grep.

Ungdomsskulen har hatt besøk av fantasyforfattaren Asbjørn Rydland. Og torsdag kveld er det kviss på Ungdommens hus.

Nynorskdagane varer til 30. september.

LES OGSÅ: Tom Roger Aadland får ikkje nok av Bob Dylan