Gåte slepp første nye låt på 12 år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Originalgitarist Magnus Børmark vender tilbake til Gåte, etter ikkje å ha vore med då oppstanden til bandet blei meldt i mai. Den unge og framadstormende Katrin Frøder, som var med i den nye besetninga, har likevel valt å trekke seg att – fordi kombinasjonen solokarriere, låtskriving og produsering blei for mykje.

Frøder held fram med å vere ein samarbeidspartnar på låtskrivarsida, noko begge partar er «einig om at er den beste løysinga», ifølgje pressemeldinga.

Dermed blir nye Gåte ein trio beståande av søskenparet Gunnhild og Sveinung Sundli i tillegg til Magnus Børmark – forsterka live med Jon Even Schärer på trommer og Mats Paulsen på bass.

LES OGSÅ: Nye tonar frå Gunnhild Sundli

Neste veke blir singelen «Stolt Solvår», som er den første frå Gåte på 12 år og skriven av Knut Buen, Katrin Frøder og Gåte. EP-en «Attersyn» er i vente 3. november, mens ein førebels utitulert fullengder er meldt til april 2018.

LES OGSÅ: Vakna med ein song

I februar neste år turnerer Gåte til tre klubbar: 8. februar er det USF Verftet i Bergen som får besøk, følgt av Byscenen i Trondheim 10. februar og Rockefeller i Oslo 16. februar.

LES OGSÅ: Odd Nordstoga med nye kapittel