Odd Nordstoga med nye kapittel

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Odd Nordstoga er ute med ein ny singel. Utover hausten kjem han med fleire nye låtar som til slutt blir samla i eit album på nyåret.
Foto: Morten Andersen

– «Det fine som kan bli» er ein låt om ein familie i bil på veg til sommarferie, og alt ein slik tur kan få ein til å tenkja på. Det handlar om juni månad og om alt det andre som lovar meir enn det kjem til å halda. Men du og du som det lovar godt, seier Nordstoga som sjølv har skrive teksten til den nye singelen.

LES OGSÅ: – Godt å ikkje berre vera følsam i lilla sjal

Den folkekjære musikaren lova tidlegare i år at han ville koma med ei rekkje nye låtar i år. Plateselskapet opplyser no at songane kjem i kapittel som til slutt blir samla i eit album i februar. Det første kapittelet «Mykje lyd» kom allereie på forsommaren. Singelen «Det fine som kan bli» er ein del av det neste kapittelet «Mykje varme» som kjem 22. september.

Odd Nordstoga skal også halda ei rekkje konsertar i tida framover.

LES OGSÅ: Odd Nordstoga vil framleis ha betalt for musikken sin

Videoen til songen «Fri» kom 21. juni: