Gunnhild Sundli vakna med ein song

Framtida
Publisert
Oppdatert 28.09.2017 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vakna med ein song

Ho var på kurs i Danmark, vakna med teksten i hovudet, song han seinare på dagen, og hugsar godt kor spesielt det kjentest.

– Det var ei fantastisk kjensle. Det var heilt annleis å syngje noko eg sjølv hadde skrive!

Medan alle rundt henne i årevis hadde venta på at det ville komme plate frå Gåte-vokalisten som hoppa av og gjekk i teater, var ho sjølv atskilleg meir tvilande.

– For meg var det inga sjølvfølgje at det vart plate. Eg må ha noko å syngje om. Før tolka eg gamle folketonar. Det vart tydeleg for meg at dersom eg skulle ut med plate, måtte eg skrive sjølv. Eg håpa – men visste det ikkje, seier ho til NTB.

– Pauseknappen 
Denne veka er solodebuten hennar her, «Tankerop». Og det er på mange måtar ein ny debut frå 27 år gamle Sundli, som seier oppveksten i eit rockeband var «ekstremt lærerik».

– Men i den første runden var eg så ung. Med så mykje eksponering og fokus blir ein veldig sjølvbevisst, og ein er som tenåring alt sjølvbevisst nok, seier ho i dag. Difor valde ho å gjere det ho kallar for å «flytte heimanfrå»: Ho droppa ut av Gåte.

– Eg trykte på pauseknappen for å finne ut kva eg ville bli, kva eg ønskte å vere, om eg ønskte å vere rockestjerne slik eg berre hadde vorte.

Dermed vart det seks år på teaterscena, inklusive ei Ibsen-rolle. Gunnhild rosar teatermiljøet og menneska, og seier det var ei gåve å få vere der.

– Det som tiltrekkjer meg ved teaterlivet, er at det er her og no. Teatret er ein evig runddans, eg trur gamle skodespelarar må føle at livet har gått endå fortare enn andre gjer. Fire månaders prøvetid går som éin dag.

Lyd til tankane
Huldrehåret er like langt som før når Gunnhild Sundli er i hovudstaden for å snakke om tilbakekomsten til musikken. Som ikkje inneber eit nytt karriereval igjen, understrekar ho:

– Eg reknar meg både som skodespelar, songar og no låtskrivar. No er det fokus på musikken. No er det ein ny retning, ein ny veg, som også er meg.

For den lokka på henne. Først begynte ho å sette melodi til dikt, og gjorde nokre uhøgtidelege framsyningar med det.

– Det var godt å syngje på scenen att, seier ho, og medgjev at musikken kjem lettare enn teksten – sjølv om ho alltid har vore ein ivrig dagbokskrivar.

– Etter Danmark losna det. Det går ikkje lett, men eg veit det kjem. Ein song om gongen, eg har aldri tusen utkast liggjande. Tittelen? Han er beskrivande for alle tekstane, for «tankerop» er det dei er. Tankar er noko du har inni deg som ingen høyrer, eg har gitt mine lyd.

– Er personleg
Ho syng om å «søkje lyset» når mørket kjem for å fange deg. Om korleis tankane ikkje gir henne fred, om endringar, det å komme heim der «æ kan værra med». I låten «Sann» tar ho for seg det å «fortelje det som det e», og at det er det ingen som gjer der ho kjem frå. «Dersom æ bare hadde turt hadde æ gjort det længe før,» syng Gunnhild.

– Eg er ganske personleg. Enkelte er redd for det, men kvifor, undrar eg. Eg er open og har få hemmelegheiter. At eg ikkje er 100 prosent open, er meir av omsyn til dei rundt meg, seier ho og seier ho ser sanninga som positiv:

– Når ein gir av seg sjølv, får ein mykje openheit tilbake. Vi er like og kan kjenne oss igjen i kvarandre, vi menneske. Men folk kan bli litt beklemt, seier ho med eit smil. No pussar ho opp eit gammalt, lite raudt hus, «ei rønne», i marka nær Trondheim for å ha som skrivestove. Der gler ho seg til å sitje og skrive.

– Den nye hobbyen min er å skrive! Og jobben er å leve, oppsøkje livet, andre kulturuttrykk, møte menneske, for å hente inspirasjon. (©NPK)

Les fleire musikksaker her!

Faktaboks

Gunnhild Sundli  

Fødd i 1985 i Orkdal, bur i Trondheim

Vokalist i Gåte frå 1999 til 2005. Song på studioalbuma «Jygri» (2002), som Gåte fekk ein Spellemannpris for (årets nykomar), «Iselilja» (2004) og konsertplata «Liva» (2005).

Debuterte som skodespelar i 2006, var tilsett i to treårsperiodar ved Trøndelag Teater

Debuterer som soloartist i januar med «Tankerop»