Nye tonar frå Gunnhild Sundli

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 28.09.2017 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange hugsar den særeigne røysta til Gunnhild Sundli som song rocka middelalderballadar med folkrockbandet Gåte. Laurdag 25. juni rockar ho utescena i Ivar Aasen-tunet med nyskrive låtmateriale.

Ho var ikkje meir enn midt i tenåra då vi møtte henne som vokalist og rikshulder i bandet Gåte. Etter at Gåte vart lagt på is i 2005, har Sundli først og fremst konsentrert seg om å vere skodespelar, og har for det meste hatt arbeidsplassen sin ved Trøndelag Teater. Men dei siste par åra har ho også arbeidd med nye låtar i lag med felespelaren Andreas Ljones, kjend mellom anna frå Frikar og Majorstuen.

– Det er eit samarbeidsprosjekt som vi har drive av og på i eit par år. Eg har skrive ein del tekstar og melodiar, og vi samarbeider om arrangementa, fortel Sundli. I tillegg har dei sett melodi til dikt av fleire kjende norske diktarar, som Jakob Sande, Gunvor Hofmo, Ivar Aasen, Olav H. Hauge og Halldis Moren Vesaas.

Gunnhild Sundli er oppfostra i ein sterk folkemusikktradisjon og lærte tidleg å kvede, medan Andreas Ljones har fått grundig opplæring i tradisjonelt slåttespel og har vunne Landskappleiken fleire gonger. Begge har utmerkt seg ved å bruke tradisjonell folkemusikk som utgangspunkt for å utforske nytt musikalsk terreng, og det gjer dei også i materialet vi får høyre under Dei nynorske festspela.

– Det er nok ikkje så vanskeleg å høyre at både Andreas og eg har bakgrunn frå folkemusikken. Når det gjeld dikta, er det nok eit visst melankolsk gjennomgangstema. Diktarane vi har valt ut, er ikkje akkurat kjende for å skrive om vêret, vedgår Sundli i ei pressemelding.

Sjølv skriv ho mykje på dialekt, og ho gler seg til å opptre på Dei nynorske festspela. I tillegg til Andreas Ljones har ho med seg eit band som består av Rune Tylden på keyboard, Endre Hareide på bass og Kenneth Ekornes på trommer og perkusjon.

Faktaboks

Les meir om Gunnhild Sundli på Wikipedia og om Gåte på Allkunne.no og Wikipedia!