Askeladden for nye generasjonar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Askeladden har gått til filmen – i skikkelsen til skodespelar Vebjørn Enger. Onsdag 27. september fekk pressa sjå det nye eventyret, for det er eit flunkande nytt eventyr, med element frå eventyrkista til Asbjørnsen og Moe, som no er klar for kinoar landet rundt.

Det er mykje samhald mellom Per, Pål og Espen Askeladd i den ferske, norske filmen som baserer seg på norske folkeeventyr. Brødrene blir spelt av Vebjørn Enger, Mads Sjøgård Pettersen og Elias Holmen Sørensen. Foto: Nordisk Film Distribusjon / Maipo

Regissør Mikkel Brænne Sandemose fryktar ikkje at eventuelle «eventyrpuritanarar» vil bli sure når han no presenterer eventyrarven på ein heilt ny måte.

– Eg må rose manusforfattarane som har klart å tilføre noko nytt og friskt, samtidig som dei har grave djupt i dei kjente eventyra. Eg vil anta at det kjem reaksjonar, men eg er veldig glad for vår versjon. Eg trur den vil gjere barn interessert i folkeeventyr, seier Brænne Sandemose til NTB.

Det er eit svært og buldrande troll som får boltre seg i filmen, som har fått aldersgrense ni år.

– Det er skummelt, men samtidig forstår ungane kva dei ser: Eit skikkeleg eventyr der mykje rart kan skje. Då toler dei ei annan type spenning enn dersom handlinga hadde vore sett i realistiske rammer, meiner regissøren.

Blir trilogi

Regissør av filmen «Askeladden – i Dovregubbens Hall», Mikkel Brænne Sandemose, tar oss med på eit skikkeleg eventyr i Asbjørnsen og Moes ånd. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Nyleg blei det kjent at selskapet Maipo satsar 180 millionar kroner på det som skal bli ein filmtrilogi om Askeladden. Første film ut har kosta 57 millionar kroner, og produsent Synnøve Hørsdal fortel at Soria Moria slott blir sentralt i neste film.

Førstefilmen har allereie rukke å bli samanlikna med «Ringenes Herre»-filmane til Peter Jackson. Men regissøren seier seg ikkje spesielt inspirert av filmsagaen til Jackson.

– Men Tolkien henta mykje frå norrøn folklore og mytologi inn i historiene sine, så eit visst slektskap kan det vere. Men eg føler jo at vi formidlar noko som er meir jordnært og norsk, at det er noko her som folk vil dra kjensel på, understrekar Mikkel Brænne Sandemose.

“Eg fann, eg fann». Vebjørn Enger spelar Askeladden i den kinoklare filmen. Foto: Nordisk Film Distribusjon / Maipo

Noko som skil filmen frå eventyra er derimot forholdet mellom dei tre brørne. Espen kan nok irritere med evna til å snike seg unna pliktene og ta lett på ting. Likevel er det mykje varme å spore trioen imellom.

– For oss blei det nødvendig å måle Per og Pål med brei pensel og vise dei som heile menneske. Dei forsvinn ikkje ut av historia men får vere med på heile reisa, seier regissøren. Som ler litt til spørsmålet om moralen i filmen er å hylle drøymaren og unnasluntraren?

– Eg vil heller sei det slik at vi heiar fram ein karakter som ser ting på ein annan måte enn dei andre. Folk kan ha ulike talent og evner. Espen er god på tinga sine sjølv om han fell igjennom heime, på garden.

Brænne Sandemose fortel at det er gjort mykje bruk av norsk natur i filmen.

– Hardangervidda, Gaustatoppen og Vøringsfossen er blant det du får sjå. Men det å få fram naturen gav oss også store utfordringar. Vi sprang og flytta oss ustanseleg i ulendt terreng. Eg kan love deg at filminnspelinga kravde sitt av skodespelarane.

LES OGSÅ: Eventyrskatten for nye generasjonar

Fekk køyrt seg

Det er ein god tone mellom Vebjørn Enger, som spelar Askeladden, og Eili Harboe (prinsesse Kristin) i den nye filmen «Askeladden – i Dovregubbens hall». No er andrefilmen som skal ta oss med til Soria Moria slott under planlegging. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ein av dei som fekk køyrt seg aller mest var nok Vebjørn Enger, som spelar Askeladden.

– Det var veldig fysisk krevjande, eg kan bekrefte at det var sinnssjukt mykje springing og klatring. Eit heftig barslagsmål og to timars kaving i ein iskald fjellbekk, kravde også sitt.

Ei anna utfordring for Enger var det å skulle kle rolla som landets store eventyrhelt.

– Det er skummelt! Dette er ein karakter alle har eit forhold til, så det å skulle gi fyren eit ansikt kjennest overveldande og forpliktande. Eg fann ut at eg berre måtte slutte å tenkje på det.

Sjølv er han overraska over kor mykje humor som faktisk er tatt med i den ferdige filmen.

Eventyrleg gjeng: Synnøve Macody Lund (dronninga), Eili Harboe (prinsesse Kristin), Vebjørn Enger (Espen Askeladd) og Gard Bjørnstjerne Eidsvold (kongen). Her på pressevisning for «Askeladden – i Dovregubbens Hall». Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Den er blitt veldig morosam, eg trur det er nok humor her til at både store og små kan kose seg.

Han legg til at ein stor bonus for han er det å få vere med på å gi nye generasjonar eit forhold til eventyra.

– Eg trur nok det er blitt mindre av høgtlesing frå eventyra. Så dette er ein fin måte å introdusere ungane for Asbjørnsen og Moe på. Her kan ein rett og slett få møte den urkulturelle, norske kjæledeggen. Og han er ein fin fyr. Ja, eg er heilt klar for å spele han igjen.

LES OGSÅ: Eventyrklassikarar på nynorsk

Fakta om «Askeladden – I Dovregubbens hall»

* Premiere: 29.09.2017

* Skodespelarar: Vebjørn Enger, Eilie Harboe, Mads Sjøgård Pettersen, Elias Holmen Sørensen, Allan Hyde, Thorbjørn Harr, Arthur Berning, Robert Skjærstad, Synnøve Macody Lund, Gard B. Eidsvold, Ida Ursin-Holm

* Regi: Mikkel Brænne Sandemose

* Manus: Aleksander Kirkwood Brown, Espen Enger

* Produksjonsselskap: Maipo Film AS

* Aldersgrense: 9 år

Kilde: Filmweb