Eventyrskatten for nye generasjonar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me møter dei tre bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen, Tornerose og Bymusikantane frå Bremen.

Eventyra er henta frå Asbjørnsen & Moe, H.C. Andersen og Grimm-brørne. Maria Parr har omsett og modernisert språket i eventyra slik at språket ligg godt i munnen.

Eventyra er illustrert med dei klassiske og kjente illustrasjonane til Svend Otto S., akkurat dei same illustrasjonane som dagens foreldregenerasjon kan hugsa igjen frå åttitalets bokklubbutgåve av eventyrskatten.

Boka er ei perfekt høgtlesingsbok for store og små, og bør vera ei bok alle ønskjer seg til jul.

Barnas store eventyrbok
Gjenfortalt av Maria Parr
Illustrasjon: Svend Otto S.
Samlaget, 2015