KrF går tilbake i 145 av dei 149 minste kommunane

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Senterpartiet er den store vinnaren og største parti i distriktskommunane, ifølgje Nationens gjennomgang av valresultatet.

Samtidig gjorde KrF sitt dårlegaste val sidan mellomkrigstida, og enda så vidt over sperregrensa. I distriktskommunane, dei aller minst sentrale kommunane i landet, fekk partiet i snitt 3,4 prosent. I dei 15 mest folkerike kommunane i Noreg, enda dei hakket over, på 3,5. Det er ein tilbakegang på over 2 prosentpoeng i distriktskommunane, mot 1 prosentpoeng i byane.

– Forskjellen på 1 og 2 prosent er ikkje veldig dramatisk. Men at tilbakegangen er lite grann større i distriktskommunane, trur eg heng saman med at også KrF vart hengande etter Sp i diskusjonen om sentralisering. På same måte som Ap vart det, seier valforskar Anders Todal-Jenssen ved NTNU.

Han får støtte av KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad.

– Svaret er at når det er ein så stor framgang for Sp, og vi veit at det hovudsakleg er i distrikta dei gjer det godt, er det ikkje unaturleg at vi taper ein del. Vi gjekk også tilbake 1,4 prosentpoeng totalt. Ikkje så overraskande at vi då også går tilbake i distrikta, seier han.