Grasrota i Ap slaktar distriktsprofilen i partiet

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ap har vore fjernt som distriktsparti, og stått fram som eit eliteparti for kjernen på Austlandet, seier Ap-ordførar i Gildeskål i Nordland Petter Jørgen Pedersen til Nationen.

Pedersen seier partiet ikkje har lytta til partigrasrota i distrikta.

LES OGSÅ: Ap vil lagre CO2-utslepp frå heile Europa

– Her handlar det om Forsvaret, og der har Ap støtta Høgre og Frp. Dei er ikkje lydhøyre overfor det som kjem frå utkanten og langs kysten, seier han.

Også Nils Ole Foshaug, som er ordførar i Målselv i Troms, peikar på forsvarspolitikken som grunnen til at partiet “fekk juling”.

– Det handlar om at hovudbasen for helikopter blir flytta. På alle møte eg har hatt på valkampstand har det vore ein gjengangar, fortel han til Nationen.

LES OGSÅ: Ap-nei til å flytte arbeidsplassar ut av Oslo

Han peiker òg på at folk lokalt er redde for å miste tenester.

Ordførar i Berlevåg i Finnmark Rolf Laupstad seier valsmellen kjem av at partiet ikkje har hatt ein tydeleg nok fiskeri- og distriktspolitikk.

– Dei skulle vore tydelegare i sitt standpunkt i fiskeripolitikken, med tanke på å skape busetjing og aktivitet, seier han.

Også Ap-ordførarar i Hedemark og Nord-Trøndelag uttalar seg kritisk til distriktspolitikken i partiet overfor Nationen.

LES OGSÅ: – Skammeleg av Ap