Kari Bremnes: – Eg kjedar meg om eg går i gamle spor

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit mørkare, tyngre album, meinte ein kritikar. Kari Bremnes nikkar ettertenksamt og seier at det var ikkje bevisst frå hennar side.

– Songane eg skreiv, innbaud til det. Det er eit meir minimalistisk lydbilde, samtidig som eg ikkje har vore redd for å gjere det stort tidvis.

I 30 år har Kari Bremnes (60) vore artist. Albumet ho slepp i jubileumsåret har fått fleire sterke kritikkar, også fordi ho tør køyre den nye linja fullt ut.

Gå der det brenn

– Eg kjedar meg om eg går i gamle spor. Gjentar meg sjølv. Skriveprosessen skal trigge noko, du skal kjenne at du lever – våge å gå der det brenn. Og det er greitt å leve i det vi har, eg ser meg ikkje så mykje bakover.

Om innverknad som påverkar henne, seier Kari Bremnes at vi alle er barn av vår tid. Ho høyrer mindre på musikk enn før og seier ho treng meir stille og at ho lagar seg rom.

Samtidig er stemma, denne særeigne, forførande mørke, stemma den same, eller om mogleg endå betre i dagens innpakning.

Bremnes begynner alltid med tekstane når ho skriv nye songar. Dei legg ein premiss, ei rytme og form som ho så finn rette melodilinja til. Merka ho denne gongen at ho tydde til eit velkjent, rytmisk mønster, braut ho for å leite etter noko anna. Produsent Bengt E. Hanssen, som også er i bandet hennar, laga mange av beatsa på albumet – som no ute under namnet «Det vi har».

Kari Bremnes

Kari Bremnes likar ikkje å gå i gamle spor. – Skriveprosessen skal trigge noko, du skal kjenne at du lever – våge å gå der det brenn, seier ho. Foto: Stian Andersen

– Desse songane trengde noko anna enn klassisk viseform, slår ho fast.

– Må forsone seg

Kari Bremnes leitar etter songar som «tar henne». Det merkar ho allereie når ho skriv dei.

– Eg kjenner det nesten fysisk, seier ho. Som med songen «Det e min son» – rett nok skriven av broren Lars – om ei mor som sender sin einaste son i felt.

– I ein kaotisk, truande verdssituasjon, kven er den som kan kommandere ein ungdom ut i krig?

Endå sterkare – og frå verkelegheita – er «Rim sin stemme», om den noregskjente, palestinske songaren Rim Banna.

– Ho har lenge vore sjuk med kreft, men har likevel gjort plater og konsertar. Så snakka eg med henne på telefonen og høyrde at stemma var annleis. Så eg spurde, og ho svarte: «eg kan ikkje syngje meir». Eg sette meg rett ned og skreiv teksten. Den stemma hennar er så sterk, på fleire måtar, og så miste den…

Kari Bremnes sit der, auga i halvskugge under capsen, og seier rett ut:

– Det er sånne ting som skjer i livet. Du mister nokon, det skjer noko med oss alle undervegs. Du blir herda i forhold til du er utilstrekkeleg og kjenner avmakt. Ein må prøve å elske si skjebne, eller i alle fall forsone seg med den. Det er ikkje alt ein rår over.

– Imponert over folks mot

Kari Bremnes har tidlegare fortalt om kreftdiagnosen ho har levd med i to tiår. Men korleis var det for vennen Rim Banna å få ein song om sin?

– Ho vart rørt. Eg var spent på om ho ville oppleve den som invaderande, seier Bremnes og verkar glad sjølv, før ho legg til:

– Noko av det eg opplever sterkast etter så mange år som artist, er møta med den mobiliseringsevna som folk har. Når menneske seier dei set pris på songane mine, at dei betyr noko for dei, og samtidig fortel historier – som knapt er til å bere. Eg blir ofte imponert over kva folk har av styrke og livsmot.

At songane hennar betyr noko for andre er ei sterk drivkraft. Då «flyttar dei heimanfrå», seier ho:

– Dei blir noko anna for nokon andre og får sine eigne liv.

Likevel skriv ho dei for seg sjølv og det som treff.

– Det einaste eg kan navigere etter er å vere ærleg om det som rører ved meg sjølv. For vi er ikkje så forskjellige.