Silja i nye klede

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den første singelen var eit tydeleg vegskilje, så det var gøy å sleppe den først, seier Silja Sol om «Dyrene». Den elektroniske poplåten blei slept på radio og strøymetenester sist fredag, og var ei overrasking frå ein artist som har blitt kjent for sin gitarbaserte visepop. Den nye plata som kjem i oktober, Ni liv, blir likevel ikkje vanskeleg å kjenne igjen, meiner Silja sjølv.

– Eg trur veldig mange vil synast det berre er Silja i nye klede. Tekst, melodi og forteljarstemma er den same, seier ho.

Framtida.no møtte henne i Ulvik, der ho gjesta poesifestivalen i helga.

– Tenkjer du poetisk når du skriv låtar?

– Nei, eg trur kanskje ikkje det… Eller jo, eg må jo vera litt poetisk. Det er mykje kjensler, og eg jobbar mykje med å finne den beste måten å uttrykke ting på.

– Alle burde leike meir
På debutalbumet På hjertet frå 2014 og Væremeh, som kom ut så seint som i februar i år, demonstrerer Silja Sol ei leiken tilnærming til låtskriving, med mange korte låtar som utforskar ulike humør og sjangeruttrykk. Leik er eit tema også i «Dyrene».

– Alle burde leike litt meir. Folk tar ting for alvorleg, seier ho, og meiner ein ikkje må ta seg sjølv for seriøst og planleggje for mykje.

– Eg likar å kasta meg uti det. Viss du ser veldig føre deg korleis ting skal bli, er det så lett for at du blir skuffa, seier ho.

Då Sol fekk nokre elektroniske låtskisser frå gitarist Fredrik Vogsborg, som også speler i andre bergensband som Casiokids og The Megaphonic Thrift, kasta ho seg over dei med det same.

– Det var litt deileg. Eg senka skuldrene meir og kunne fokusera berre på melodi og tekst, i staden for at eg måtte starte frå scratch.

Eigentleg hadde ho tenkt å gå i ei heilt anna retning og lage eit album som var «skikkeleg punk».

– Eg har alltid vore inspirert av punk, kanskje ikkje så mykje i uttrykk, men i låtlengd og oppbygging. Punk er jo mykje forskjellig, det er eigentleg litt punk at det blei ei elektronisk plate også.


Silja under konserten på Ulvik Poesifestival 2016. Foto: Ådne Dyrnesli/Ulvik Poesifestival

– Bra med dialekt
Noko som ikkje har endra seg, er at Silja syng på eit tydeleg, utprega bergensk – ei dialekt ho sjølv omtalar som krass og «spyttete».

– Eg føler av og til at eg spyttar meir enn eg syng når syng mine eigne låtar. Andre dialektar er meir vokale, seier ho, og legg til at det blir noko heilt anna når ho syng klassisk – noko ho ifølgje seg sjølv også er ganske god til.

Sol slepte sjølv dei første songane sine på engelsk, før ho gjekk over til norsk og bergensk. At mange fleire unge artistar har begynt å synge på dialekt dei siste åra er positivt og berikande, meiner ho.

– Eg synest det er veldig bra, det bevarer språk og uttrykk. Det er veldig gøy når du høyrer nye ord. Men så blir du kanskje samanlikna med andre artistar som syng på dialekt, sjølv om dei har eit heilt anna musikalsk uttrykk.

Sol opplever likevel ikkje at ho blir sett i bås som dialekt-låtskrivar, nettopp fordi det har blitt så vanleg.

Fekk betre karakter i nynorsk
Varianten av bergensdialekta som Sol brukar nærmar seg ofte nynorsk, noko ho sjølv merkar seg når ho skriv.

– Skissene mine ser av og til nesten nynorske ut, til dømes kan eg skrive «eplar».

Silja har alltid hatt bokmål som hovudmålet sitt, men til forskjell frå mange andre bergenselevar likte ho godt å skrive sidemål på skulen – og var god til det, også.

– Eg veit ikkje kvifor, men eg fekk betre karakter i nynorsk enn bokmål på vidaregåande. Eg trur ikkje eg jobba meir med nynorsk enn bokmål, men det var veldig gøy å jobbe med, eg syntest det var vakkert, seier ho.

Sol fortel at ho synest det er veldig fascinerande å finne nye ord og uttrykksmåtar. I tillegg til nynorsk og dialektar har ho fanga opp skandinaviske språk gjennom TV-skjermen.

– Eg såg veldig mykje svensk og dansk barne-TV då eg var liten, før dei begynte å dubbe det. Kritikk til dei der dubbe-greiene. Eg forstår ikkje vitsen med det, seier Sol.

Faktaboks

Silja Sol Dyngeland

  • Fødd i Bergen 13. april 1990
  • Gav ut singelen «Tensed Situation» i 2012 under namnet Silja Dyngeland
  • Byta artistnamn til Silja Sol og gav ut debutalbumet På hjertet i 2014
  • Nominert til Spellemannsprisen 2014 i kategorien Viser
  • Gav ut albumet Væremeh i februar 2016
  • Gir ut albumet Ni liv i oktober 2016
  • Speler også i backingbandet til popartisten Aurora